Lokal | 13. mars 2018

Innbrot på Kuventræ barneskule

Ein projektor er stolen og eit klasserom er sperra av etter innbrot og hærverk.

Innbrot på Kuventræ barneskule
Ei rute er knust og ein projektor er stolen på Kuventræ barneskule. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. mars 2018 07:26

Tysdag morgon blei det oppdaga at det har vore innbrot på Kuventræ barneskule.

– Det blei oppdaga då dei første av oss kom på jobb i 7-tida, fortel rektor Olav Røttingen.

Ei rute er knust og ein projektor er stolen.

– I tillegg har dei rota og romstert mykje rundt.

Klasserom sperra av

Skulen ventar no på at politiet skal koma til staden. Klasserommet er sperra av og elevane må få undervising i anna lokale denne formiddagen.

– Det var ein projektor dei var ute etter dei som gjorde innbrot her sist òg, seier Røttingen.

I midten av juni, rett før skuleferien starta i 2015, var førre innbrot på skulen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.