Lokal | 29. des. 2016

Innspel frå Os har skapt lærling-venleg regelendring

I februar 2016 kom Leiv Gunnar Heggland (Frp) med forslaget, frå 1. januar 2017 skal det vera lærlingar på alle større offentlege prosjekt.

Innspel frå Os har skapt lærling-venleg regelendring
Leiv Gunnar Heggland (innfelt) kom med forslag som har ført til regelendring som kan gje mange fleire lærlingplassar. (Arkivfoto: Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. des. 2016 10:40

Mens mange store entreprenørverksemder tar på seg ansvaret med å gje opplæring til ungdom er det andre, blant anna utanlandske selskap, som ikkje har ein einaste lærling.

Desse kjempar mot kvarandre på like vilkår, i store, offentlege anbodsrundar, der kontrakten like gjerne kan gå til selskapet utan lærlingar som andre.

– Når vi veit at det kvart år står fleire tusen ungdomar utan læreplass, og samtidig ser at stat, fylke og kommune bruker millionar på tenester hos firma som ikkje er godkjente lærebedrifter, så tenkte eg at anskaffelsesloven kunne blitt eit godt verkstøy, seier Leiv Gunnar Heggland til Midtsiden.

– Vi skal ikkje tvinga firma til å bli lærebedrifter, det kan vera fleire årsaker til at ei verksemd ikkja har høve til å ha lærlingar. Men vi kan setja ei grense på prosjektverdi, at dei største prosjekta skal gå til bedrifter som har lærlingar i arbeid.

Gav umiddelbar respons

Heggland ser på PC-en at forslaget hans blei skrive 16. januar 2016. I februar hadde han forslaget oppe i Hordaland Frp, som vedtok ein resolusjon i tråd med forslaget.

Dette blei spelt inn sentralt, og i romjula kunne Heggland lesa at regelendringa trer i kraft allereie 1. januar 2017.

– Kvart år er det 8000-9000 elevar som ikkje får læreplass. Det offentlege har vore for lite flinke til å bruka innkjøpsmakta si til å bidra til fleire læreplassar. No sikrar vi at bedrifter må ha lærlingar viss dei for eksempel vil bygga nye skular, vegar eller togstrekningar for det offentlege, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Våre Veier.

– No kan det vera fleire årsaker og faktorar som har påverka avgjerda, men eg sit uansett igjen med eit inntrykk av at det hjelper å spela inn saker, seier Heggland nøgd.

Grenser på 1,1 og 1,75 millionar

Hordaland Frp vedtok, i resolusjonen frå februar i år, ei grense på 30 millionar kroner.

«Fylkesårsmøtet i Hordaland Fremskrittsparti foreslår at anskaffelsesloven endres slik at en for å delta i anbudskonkurranser, med prosjektverdi over 30 MNOK, må tilbyder eller arbeidsfelleskap være godkjent som opplæringsbedrifter og ha ei truverdig historie for bruk av lærlinger.»

Staten tar endå fleire prosjekt med:

«Med det nye regelverket skal statlige myndigheter kreve bruk av lærlinger for kontrakter verdt minst 1,1 millioner kroner eksklusiv merverdiavgift og med varighet over tre måneder. Fylkeskommunale og kommunale myndigheter skal kreve bruk av lærlinger for kontrakter med en verdi på minst 1,75 millioner kroner eksklusiv merverdiavgift og med varighet over tre måneder.»

Gjeld også utanlandske firma

Også utanlandske leverandørar må ha lærlingar for å vinna offentlege oppdrag i Noreg.

Dei må godkjennast som lærebedrift i Noreg og ha norske lærlingar, eller ha med lærlingar eller praksiselevar frå tilsvarande opplæringsordning i heimlandet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.