Kultur | 28. juli 2014

Innspurten til Osfest har starta

Festivalområdet byrjar å ta form.

Innspurten til Osfest har starta
Tommel opp for Osfest! (Foto: Kine Evensen)
Kine Evensenmandag 28. juli 2014 18:29

Bildeserie:

Festivalsjefen er nøgd med dagens innsats (Foto: Kine Evensen)
Festivalsjefen er nøgd med dagens innsats (Foto: Kine Evensen)
Mykje som skal på plass (Foto: Kine Evensen)
Mykje som skal på plass (Foto: Kine Evensen)
Scena på vei opp (Foto: Kine Evensen)
Scena på vei opp (Foto: Kine Evensen)
Uten mat og drikke duger helten ikkje ( Foto: Kine Evensen)
Uten mat og drikke duger helten ikkje ( Foto: Kine Evensen)
1 av 4
Festivalsjefen er nøgd med dagens innsats (Foto: Kine Evensen)
Mykje som skal på plass (Foto: Kine Evensen)
Scena på vei opp (Foto: Kine Evensen)
Uten mat og drikke duger helten ikkje ( Foto: Kine Evensen)

Osfest nærmar seg med stormskritt. Måndag blei den 36 meter breie scena kor Dumdum Boys, Big Bang, Orbo og fleire andre kjende artistar skal få boltra seg på, satt opp.

- Det går uforskamma bra, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.

Knirkefri start

Sjølv om dei har eit par dagar på seg til å få festivalområdet ferdig, byrjar området allereie å ta form. Scena er på veg opp, og inngjerding av området er dei òg godt i gang med.

- Skulle tru vi hadde gjort dette før, ler Hylland som ser seg nøgd med dagens innsats.

Når fredag kjem og festen blir satt i gang, vil ikkje den gamle grusbanen vera til å kjenna igjen.

På området skal dei få opp telt til mat og drikkeservering, sal av T-skjorter, bord og benkar skal bli plassert på graset.

Og stemningslys skal hengast opp i trea.

- Det kjem til å bli så fint her, fortel Hylland.

Føler seg trygg

For å få til ein så stor festival må det mykje planlegging til.

Festivalsjefane Ole Reinert Berg Olsen og Tor Egil Hylland har brukt god tid på å planlegga alt ned til minste detalj for å gjera Osfest til ein suksess.

- Det er første gong vi gjer noko som dette her, så vi har ingen fasit. Men vi føler oss trygg på å koma i mål, fortel Hylland.

God planlegging er alltid viktig, men Hylland påpeikar at det ikkje hadde blitt nokon festival utan dei frivillige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.