Lokal | 24. feb. 2017

Innstilt ferje skaper betongkrøll

To av seks bilar frå Brødrene Borgen blei ståande igjen på Krokeide grunna manglande ferjekapasitet. – Situasjonen er utfordrande, seier Kristian Borgen.

Innstilt ferje skaper betongkrøll
To av seks bilar frå Brødrene Borgen blei ståande igjen på Krokeide fredag morgon og måtte vente i halvannan time (privat foto)
Andris Hamrefredag 24. feb. 2017 10:48

Onsdag hadde Borgen fleire bilar på Tysnes då ferja mellom Halhjem og Våge blei innstilt og overført til ruta mellom Krokeide og Hufthammer. Noko som resulterte i ein lang køyreturen om Fusa.

– I dag måtte to av bilane våre som skulle med ferja klokka 0810 stå att på Krokeide og vente til 0935-ferja på grunn av at det ikkje var plass. Tidlegare har vi tatt 0730-ferja, men den har ikkje gått i heile år. Det er mildt sagt utfordrande når det ikkje finst reserveferjer å setta inn. Kan vi i det heile tatt stole på ferjerutene, seier dagleg leiar i Brødrene Borgen Ferdigbetong, Kristian Borgen.

Leverer ferskvare

Borgen fortel at utfordringa er spesielt stor vinterstid og på varme sommardagar.

– No på vinteren bruker vi ein rapid-betong som herdar fortare. Frå vi blander betongen på bilen og til vi leverer den på byggjeplassen bør det ikkje gå meir enn to - to og ein halv time. Då har vi ikkje råd til å stå å venta på ei ferjekai i halvannan time.

– Det er trass alt ferskvare vi driv med. I tillegg blir naturleg nok kunden misnøgd, seier Borgen som opplever at situasjonen har forverra seg etter at FosenNamsos tok over.

I tråd med kontrakten

Grete Fuglem Tennås, administrerande direktør i FosenNamsos Sjø, fortel om uvanleg mykje trafikk på sambandet mellom Krokeide og Hufthammer fredag morgon.

– Det var uvanleg mykje tungtrafikk der i dag tidleg. Faktisk så mykje at eg fekk tilsendt bilde av det frå MF Trondheim.

– Når det gjeld B-avgangen til Austevoll, så ligg det i kontrakten at MF Marstein som går på dette sambandet, er reserveferje for dei andre sambanda om vi har verkstedopphald eller det skjer andre uforutsette ting.

– Den er difor satt i sambandet mellom Halhjem og Våge no når MF Selbjørnsfjord er på verkstad. Det som skjedde onsdag var at vi fekk ei uforutsett hending med MF Trondheim og måtte ta Marstein tilbake til sambandet mellom Krokeide og Hufthammer. Det er utfordrande når vi får uforutsette hendingar samstundes med at vi har verkstedopphald, forklarar Fuglem Tennås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.