Lokal | 10. juli 2014

Inviterer til båttur

Arne Veim Haugland såg gleda hos barn på sommarleir då han stilte med båt. No inviterer han barnefamilie på båttur i Os-skjergarden.

Inviterer til båttur
Arne Veim Haugland inviterer barnefamilie utan tilgang på båt ut på fjorden (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 10. juli 2014 11:50

«Kjenner vi ein barnefamilie her inne som har lyst på en dagstur evt to dagerstur i skjærgården i og rundt Bjørnefjorden fredag/lørdag? Jeg stiller med båt, vannsportsaktiviteter, grillpølser og lukten av sjø og fisk Det hadde vært en stor glede for meg å gi bort dette til noen som ikke ellers har muligheten til å komme seg ut i den vakre skjærgården vi har! Ta gjerne kontakt på PM…og del dette beskjedne budskap videre. Hilsen Arne og Vilde.»

Slik var meldinga Arne Veim Hauland la ut på facebook tysdag ettermiddag.

– Ideen kom då eg og ein kollega sat og snakka om båt og båttur i bilen på tysdag.

– Han viste meg ei sak frå Austlandet om noko som gjorde det der borte og oppfordra andre til å gjera det same, så då tenke eg kvifor ikkje, fortel Veim Haugland, som håpar andre osingar med båt vil gjera det same.

– Vi må jo la folk få oppleva den nydeleg skjergarden vi har.

Såg gleda i auga

Tanken om å la fleire få koma på sjøen var ikkje heilt framan for den sporty båtføraren frå Os.

– Eg har jobba på sommarleir i Hålandsdalen tidlegare sommarar.

– Der hadde dei robåtar og slikt, men den gleden eg såg i auga på borna då eg henta båten min og vi leika oss på vatnet var heilt utruleg.

– Den gleda håper eg å sjå att om det er ein barnefamilie som har lyst å vera med fredag eller laurdag, smiler Veim Haugland.

Vil ha ein gøy dag

Sidan han la ut meldinga på facebook har over hundre delt ho, men få meldt seg til å vera med på tur.

– Eg veit ikkje om det er terskelen som er litt høg eller kva det er, men folk treng ikkje vera redde.

– Vi gjer det dei har lyst på, anten det å fiske, grille eller leika oss med vatnsport. Eg har berre lyst på ein gøy dag på sjøen saman med dei.

Om du er ein barnefamilie som har lyst å vera med Arne på fjorden kan du ta kontakt med han via facebook eller du kan kontakta Midtsiden, så formidlar vi kontakten.

Send i så fall ein epost til andris@midtsiden.no eller sms til 47906111.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.