Næringsliv | 23. apr. 2018

Isfisk stenger døra for godt

Fiskbutikken AS går konkurs, Isfisk har siste opningsdag i morgon. Eigar har søkt om å få selja frå båten sin.

Isfisk stenger døra for godt
Isfisk har siste opningsdag i morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. apr. 2018 09:58

Det kunne sjå ut som om det skulle gå vegen for den vesle, nystarta fiskebutikken i Elvebakken som vurderte stenging også i februar.

Tidlegare i april henta eigar fiskebåten sin heim frå nord for å kunna fiska nærmare butikken, men no blir den stengt for godt.

– Nedgangen i omsetnad har dessverre halde fram. Konkurs er ikkje til å unngå, det har vore ein håplaus kamp, seier Hlynur Freyr.

Tysdag blir siste opningsdag.

Også laurdagane blei for svake

Butikken trengte berre rundt 8000 kroner i omsetnad per dag for å gå rundt. Før jul låg den på 15.000-20.000, vesle julaftan selte han fisk og skaldyr for 40.000 kroner.

– Dei siste vekene har vi hatt fleire dagar med berre 3000-4000 kroner i sal, også laurdagen, som har vore vår beste dag, har lagt under 8000 kroner.

– Denne gong blir det stengt for godt. Det har vore ei kjekk tid, med 30-40 faste kundar, og eg har blitt kjent med mange fleire sambygdingar, seier islendingen, som flytta til Noreg for 16 år sidan og no bur i Strøno.

Held kanskje fram med å fiska i sør

Butikken er drive med eige firma, Fiskbutikken AS. Freyr vil halda fram å fiska med MS «Isbjørn».

– Korleis har fisket vore her i sør?

– Fisket har ikkje vore så verst, men det har vore ein del tull med å få fisken levert. Det eine mottaket kunne ikkje ta imot bløgga fisk, slik dei først sa dei ville gjera, eit anna har ikkje kran, eit tredje har ope berre to dagar i veka.

– Det har gått mykje tid med å leita etter mottak, men vi prøver å fiska her ei stund til.

– Kan det òg bli selt fisk frå båten din?

– Ja, eg har faktisk søkt om det. Det blir ikkje det same volumet, men kunne blitt eit hyggeleg tilleggstiltak. Det har vore kjekt å ha denne direktekontakten med forbrukarane, med sal frå båt så held vi litt av det ved like.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.