Sport | 24. apr. 2017

Iskaldt comeback

Alexander Heggland har ikkje spelt Norgescup på fire år. Comebacket i helga blei ei kald oppleving.

Iskaldt comeback
Alexander Heggland og Anders Engelsen fekk ein kald start på golfsesongen (privat foto)
Andris Hamremandag 24. apr. 2017 14:24

Dei to PRO-ane (trenarane) på Bjørnefjorden Golfklubb, Alexander Heggland og Anders Engelsen, spelte i helga Noregscup på Solastrand Golfbane.

– Det gjekk greitt, men det var forferdelege speleforhold. Då vi skulle spele inn fredag ettermiddag bles det liten storm, fortel Alexander Heggland.

Lang iskald dag

Laurdag gjekk dei to osingane to runder på tilsaman 36 hol.

– Det blei ein lag dag. Vi starta vel i halv ni tida og held på til klokka 18. Det var fire grader og stiv kuling, så vi måtte pakka oss godt inn med to lag ull, fleece og lue.

På par 69-banen gjekk Anders Engelsen dei to rundene på 71 og 79 slag, medan Heggland brukte 74 og 75 slag på å komma seg rundt.

– Eg var veldig spent på korleis beina ville takle å gå to runder utan caddie, men det gjekk overraskande bra. Anders hadde det nok verre enn meg, han sleit godt med ryggen ut på andre runden.

Utsatt start grunna snø

Søndagens runde blei som resten av helga ein kald oppleving.

– Då vi skulle starte søndag blei det heile utsatt i tredve minutt då det låg snø på banen, men vi kom oss no etterkvart ut.

Runden blei unnagjort på 71 (Anders) og 73 (Alexander) slag. Det heldt til delt 21. plass, 14 slag over par for Anders Engelsen og delt 24. plass, 15 slag over par for Alexander Heggland. Vann gjorde Markus Wilhelmsen frå Ålesund, fem slag under par.

Godt å konkurrera igjen

Heggland fortel at treningsgrunnlaget ikkje var det heilt store før første runde i Noregscupen.

– Banen her heime har jo ikkje vore open så lenge, så vi hadde eit relativt tynt grunnlag både Anders og eg, men det var godt å konkurrera igjen, avslutter Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.