Halvor Hanevik, Daniel Skotheim og William Lindborg informerer om korleis du som trafikant skal oppføra deg i nye Øyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Ja, du kan parkera her

Informerer om ny fartsgrense, parkeringsnorm og vikeplikt for fotgjengar på nye Øyro.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2011 kom over 100 nye skilt i Os sentrum, for å betra parkeringsforholda for handlande måtte nemleg heile sentrum skiltast på nytt.

Dei same reglane gjeld framleis, men éi av gatene, Øyro, er saman med delar av nokre sidegater rusta opp med nytt dekke og ny møblering - og har fått status som sambruksområde (shared space). I samband med arbeidet blei alle skilta tatt vekk, og få av dei skal opp igjen.

– Vi har fått tilbakemeldingar på at mange er usikre på kva reglar som gjeld for sambruksområde, og har derfor laga eit flygebrev som både fortel om trafikkreglar og som i kart fortel kvar du kan parkera, kor lenge, seier prosjektleiar Halvor Hanevik.

Reglane for Øyro (gata Øyro, ikkje forkortinga av stadnamnet Osøyro):
• Fartsgrense: 20 km/t. Dette vil bli skilta
• Parkering - sjå eige kart i bildeserien over
• Som køyrande har du vikeplikt for fotgjengarar i heile sambruksområdet, Øyro med delar av sidevegane (der det er nytt dekke)
• Os kommune har òg tatt med eit punkt der det står «bruk sunn fornuft». Ei fornuftig, og kanskje naudsynt, påminning.

– Hugs at generelle trafikkreglar også er gjeldande. Dei seier blant anna noko om parkering nær kryss, presiserer leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg.

Han seier handelsstanden har etterspurd normer for åtferd og parkering, men i hovudsak er opptatt av at dei som jobbar i sentrum ikkje set frå seg bilen på korttidsparkering.

Parkeringsplassar som kjem og går

Øyro har fått nokre nye korttidsplassar, langs Sentrumskvartalet utanfor det som tidlegare var jernvare og leikebutikk kan du no stå i inntil 30 minutt. På motsett side av gata, utanfor Jernia, er det framleis parkering forbode.

– Det blir for mykje med bilar på begge sider, det kan dessutan gå ut over trafikktryggleiken. Dei køyrande har vikeplikt for fotgjengarar i heile gata, og det blir uoversikteleg om det er for tett med bilar, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Mellom Joker og Gullsmed Eide kan du stå i 2 timar, men frå Joker til Orion er det no ingen parkeringsplassar. Dette er både forbi gata og krysset mellom Joker og Havnechefen er smalt, men òg fordi restauranten Orion har fått løyve til uteservering.

For å auka parkeringskapasiteten i Os sentrum jobbar kommunen med å få bygd eit parkeringshus.

• Siste nytt om parkeringshusplanane: Kan få 190 p-plassar i første trinn

Bommane rundt den store parkeringsplassen utanfor rådhuset, som er stengt om natta og fram til klokka 9 om morgonen, skal vera med på å halda langtidsparkeringa vekke frå plassane som er meint for kundar og brukarar av sentrum.

I tillegg er grusbanen ved Os ungdomsskule no sett av til parkering, ei ordning som skal vara eit stykke ut på nyåret.