Lokal | 23. juni 2016

Ja takk til spesialøl

Ølbølga breier seg over landet og fleire stadar har det dukka opp spesialbutikkar for øl. Onsdag sa politikarane ja takk til det same på Os.

Ja takk til spesialøl
Nils-Anders Nøttseter (MDG) tok til orde for å opna opp for ølbutikkar og fekk historisk støtte frå Frp (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 23. juni 2016 07:10

Det var i samband med at kommunestyret skulle vedta dei nye retningslinene for sal- og skjenkeløyve 2016-2020 temaet kom opp.

– I Bergen kommune har dei fått ein butikk som heiter Gulating Ølutsal. Det er stor interesse for øl og spesial-øl også i Os. Det såg vi berre med ølfestivalen på Oseana førre helg. Eg er i allefall interessert i ein slik spesialbutikk på Osøyro og har vore kontakta av aktører som er interessert i å satsa.

– Korleis løyser vi det i eit slik regelverk kor det står at salsløyve kan berre gjevast til daglegvarebutikkar med eit visst vareutval, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Historisk fellesforslag

Nøttseter sitt innspel gav ordførar Terje Søviknes (Frp) ein sjanse til å støtta MDG.

– No gav du meg ein sjanse til å backa miljøpartiet. Kom med eit forslag om ei setning om at reine spesialbutikkar kan opprettast, så skal eg støtta deg.

– Bakgrunnen for at det er formulert som det er, er at type bensinstasjoner ikkje skal kunne få salsløyve for øl. Men reine spesialbutikkar er det ikkje hinder for at vi kan gje løyve til, påpeika Søviknes som med hjelp av rådmannen, som i debatten hadde funne fram Bergen sine reglar, fremja eit tillegg til retningslinjene på vegne av Frp og MDG: «Salgsbevillinger kan også i særlige tilfelle, etter ei konkret heilhetsvurdering, givast til spesialforretninger som til dømes ølutsalg og kvalitetsmatsforretninger.».

Tillegget blei vedteken mot Krf sine to røyster.

Sakna offensiv holdning

Jakob Enerhaug (KrF) sakna den alkoholpolitiske debatten.

– Eg tenker det vi held på med er utøvelse av alkohollova lokalt. Eg etterlyser difor ei type tenking som går på å begrensa rusmiddelbruken. KrF er oppteken av dette. Kva er konsekvensa av skjenkelova og retningslinjene slik vi vedtek dei. Vi opnar berre opp. Eg sakner ei offensiv holdning i høve det å begrense rusmiddelbruk.

Partikollega Tryggve Lillestøl følgde opp.

– Eg snakka litt med politiet i forkant for å få ei oppdatering frå deira ståstad. Dei let vel om samarbeidet med skjenkestadene, men dei påpeiker at i dei valdssituasjonene som har vore dei siste åra, så har det vore alkohol med i bildet. Det skal vi politikarar ta med oss når vi no opnar opp for eit nytt ølutsal. Tilgjengelegheit fører til auka bruk, påpeika Lillestøl.

Slepp søka kvart fjerde år

Ei anna endring som følgje av dei nye retningslinene er at sals- og skjenkestaden no ikkje treng søka kvart fjerde år som tidlegare.

– Det er eit forsøk på å redusera byråkratiet både for dei som skal søka, for oss i kommunen og for høyringsinstansane som skal involverast. Kontrollen med sals- og skjenkestadene skal framleis vera som den alltid har vore. Og bryt ein lova og reglane kan ein mista sals- eller skjekeløyvet, påpeika kommunalsjef for helse, Nils Petter Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.