Kultur | 25. juni 2017

Ja til alle, utanom Catten?

Os har fått fem nye uterestaurantar på eitt år. Bjarte Andersen og Catten er framleis på vent.

Ja til alle, utanom Catten?
Bjarte Andersen har hatt ønske om uteservering i fire år. Etter avslag har han no sendt brev til Os kommune med spørsmål om kva som skal til. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. juni 2017 19:27

Bjarte Andersen overtok som eigar av Catten Nightclub (den gong Irish Cat) i mars 2013, i den tru at alt var på stell med tekniske krav, ei sak eigar av nabobygget var pådrivar til å få Os kommune til å engasjera seg i.

Starten blei tøff, med krav om stenging gjennom sommaren og med nesten ein million kroner i utgifter til konsulentar, ventilasjon og brannsikring, før han desember same år endeleg fekk godkjent bruksendring.

Frå start har han hatt ambisjonar om å få bygga ein altan for uteservering. Dette har til no vore vanskeleg å få til.

I mellomtida har han det siste året vore vitne til at ei rekkje andre aktørar har møtt mykje velvilje på rådhuset:

• iSushi fekk bygga terrasse ut mot Hatvikvegen
• Hanne’s Konditori og Musikkbar fekk bygga uteservering ut i Brugata, der det tidlegare var stopp forbode
• Kommunen sitt nye torgbygg, der Havnechefen held til, er rigga med uteservering til 90 på gateplan og like mange på taket.
• Nye drivarar av Engeline har satsa på pub på eksisterande terrasse.
• No har også Orion, i etasjen under Catten, fått lov til å servera ute på fortauet.

– Det er kjekt å sjå at kommunen viser velvilje og er rask med saksbehandling. Men blir vi alle behandla likt? undrast Bjarte.

Han har både søkt om altan på søyler, oppsøkt plan- og byggavdelinga for råd og sendt brev med spørsmål om kva som skal til for at også Catten sine gjestar kan få servering ute i fri luft.

Klagde til fylkeskommunen

Det var i november 2015 at Os kommune avslo å ta søknad om bygging av terrasse til behandling, då denne skulle stå på søyler på fortauet, der kommunen er grunneigar. Som grunneigar ønskte dei ikkje dette tiltaket.

Catten sendte klage til Hordaland fylkeskommune på vedtaket.

Dei viste i april 2016 til at kommunen si avgjerd ikkje var som lokalstyresmakt, men som grunneigar. Dermed har kommunen heimel til å avvisa å ta søknaden til behandling, Catten måtte først hatt lov til å setja søylene på kommunal grunn før han kunne bedt om behandling av søknad om bygging av terrasse og servering på denne.

Vil sjå på saka og senda svar

Kommunalsjef Aina Tjosås seier til Midtsiden at ho fekk brevet frå Andersen på pulten torsdag.

– Eg vil sjå på dette og senda han eit skriftleg svar. Før eg har sett på saka vil eg ikkje seia så mykje.

– Kvifor ville kommunen i utgangspunktet ikkje ha søyler på plassen, det kjem jo søyler der i dag, til baldakinene?

– Søylene er nødvendige for å støtta baldakinene som no blir monterte i heile gata. Kommunen vurderte det også som uheldig å etablera ein balkong i andre etasje i samband med nattklubbdrift.

– Dei siste par månadane har det blitt etablert fleire tilbod om servering på gateplan. Om det kan etablerast eit slikt tilbod for Catten får vi vurdera, men det er uansett ein forskjell på det som er skjer dag og kveld, og det som skjer på natta, seier Tjosås.

– Både Engeline og Hanne's skjenkar ute til klokka eitt. Vi opnar gjerne tidlegare, om vi får uteservering, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.