Sport | 27. juni 2012

Jagde juniorlandslaget

Roarane frå Hordaland og Os stilte mot landslaget i juniorklassen over, og pressa dei heilt til mål.

Jagde juniorlandslaget
Dobbelfiraren med, frå venstre; Mattias Haugland (Os), Johannes Jansen Heggebø (Fana), Arne Hadler-Olsen (Os) og Audun Grepperud (Ormsund) vann laurdagens firarløp 1000 meter på Årungen, Ås kommune.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juni 2012 06:48

I helga gjekk Nordisk meisterskap i roing av stabelen på Årungen.

Os hadde ingen kvalifisert for junior A, den eldste juniorklassen, men stilte sterkt med to yngre roarar, Mattias Haugland og Arne Hadler-Olsen. Mattias og Arne klarte ikkje å kvalifisera seg i den rekordstore klassen, mot eldre utøvarar.

Konkurransen hadde 500 nordiske lag påmeldt.

Til topps i singel og dobbelfirar

Men dei rodde regatta i eigen klasse, junior B, der dei laurdag gjekk heilt til topps i singesculler 1000 meter. Mattias vann og Arne fekk ein 5. plass.

– Det var ein kjempeprestasjon av Mattias, seier trenar Audun Hadler-Olsen.

Seinare same dag var Arne og Mattias med i dobbelfirar. Der vann dei A-finalen 1000 meter, den fjerde strake sigeren deira til no.

Imponerte landslaga

Søndag var det åttar og der stilte ein nykomponert Hordalands-åttar til start, med junior B-utøvarar, mot landslaga i junior A.

– Dei sjokkerte heile Ro-Noreg, seier trenar Audun.

I konkurranse mot landslaga frå Danmark, Australia, Noreg og Sverige låg ungdomane frå Hordaland på andreplass midtvegs i det 2000 meter lange løpet.

– Dei kom sist i mål, men pressa landslaga heilt inn og det var berre to sekund mellom 2. plass og hordalandsåttaren, som kom inn på sterke 6.12.

Komande helg deltar Arne på regatta i Sorø i Danmark saman med Audun Grepperud frå Ormsund Roklubb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.