Lokal | 19. apr. 2012

Jakta motiv

Korleis fanga det gode motivet på minnebrikka? Bli med Os fotoklubb på fotowalk.

Jakta motiv
Det kan bli mange motiv utav ei gamal løe berre du kjem tett nok på motivet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. apr. 2012 07:31

Annankvar onsdag møtast fotoentusiastane på Søfteland skule for å utveksla erfaringar og tips til korleis ta gode bilete. Midtsiden var med då medlemmane fekk i oppgåve å jakta spesifikke former og fargar i naturen.

- Vi går nedover linjo og ser om vi finn y-formar og/eller noko grønt. Om det er ei grein eller ein bygnad er heilt opp til doke, var "ordren" Tommy Sælen gav dei vel 15 fotografane før turen.

- No når våren er i ferd med å koma kjem vi mest kvar gang til å koma oss ut for å finne forskjellege motiv i naturen. I vinter har det diverre blitt mykje innearbeid på oss, forklarar Sælen til Midtsiden.

Hjelp kvarandre

Fotoklubben har vel 40 medlemmar som stiller meir eller mindre fast på arrangementa. Ein treng ikkje ha det siste i utstyr eller vera ein røynd fotograf for å vera med i klubben.

- Vi går i grupper tre og tre. Pass på å hjelpa kvarandre til å finne dei reine klåre motiva og å justera lukkartider og blendaropningen, tipsa Tore Njøten for turen tok til.

- Utvekslinga av tips og råd er ei viktig del av arbeidet i fotoklubben. Det er ingen av oss som er utlærde, forklarar Sælen som håpar fleire har lyst til å vera med gruppa utover våren.

Eiga ungdomsgruppe

Før fotowalken starta onsdag hadde Sælen hatt ei runde med eit par ungdommar i korleis fotografera med blits.

- I dag var dei berre to, men vi har pleid å vera 11-12 stykker i ungdomsgruppa.

- Vi møtast vanlegvis ein time før dei vaksne og har gjerne eigne tema som vi jobbar med, avsluttar Sælen om gruppa med ungdommar frå ungdomsskuletrinnet.

Kva medlemmane i fotoklubben klarte å fange på fototuren langs den gamle Osbanelinja vil du få sjå her på midtsiden når dei har fått plukka ut "vinnarane".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.