Jakta troll på Fløien
Klas Færøvik passerte 30 hinder og klinte til med 2. plass i 8,1 km lange Trolljegerprøven.
Bildeserie:
Klas Færøvik debuterte laurdag i hinderløpet Trolljegerprøven, låg i tet og landa på 2. plass, 30 sekund bak vinnaren.
– Det var eit utruleg kjekt løp, men sjølvsagt veldig hardt! Det gjekk naturlegvis fortast med oss som deltok individuelt, men 3-4 hinder er svært tunge å koma seg over åleine, ikkje minst etter fleire kilometer med løping, klatring og kryping.
Løypa er 8,1 kilometer lang, har 30 hinder og 400 høgdemeter. Klas førebudde seg ved å sjå nokre videosnuttar frå løypa.
Mista leiinga i vanskeleg hinder
– Eg hadde eit stygt fall på ei glatt bru to kilometer ut i løypa, som eg kjenner i dag, men du får så mykje adrenalin i slike konkurransar, at eg blei ikkje hindra av smerter.
– Det var etter cirka 7 km at eg mista leiinga, då eg rota med klatringa på eit vanskeleg hinder. Men eg klarte heldigvis å henta meg inn igjen godt nok til å koma på pallen.
Klas deltok ikkje i det lokale løpet Langedalen Opp søndag.
Topp 3:
1. Johan Ingemarsson 54:23
2. Klas Færøvik 54:53
3. Øystein Larsen 55:58
Frå Opptur Motbakkeklubb stilte også Erik Werner, som med 1:11:23 tok ein fin 21. plass av 49 deltakarar.
Kvinneklassen blei vunnen av Sara-Rebekka Færg Linde som kom i mål på 55:53.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.