Lokal | 15. des. 2010

Januar-jente frå Os

Linn Beate Riley (19) poserer i magasinet Gatebil sin kalender for 2011.

Januar-jente frå Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. des. 2010 12:04

Måndag kom desemberutgåva av Gatebil Magazine i hyllene. Saman med magasinet får du kalender med bilde av spreke jenter og lettkledde bilar. Og du treng ikkje bla lengre enn til januar før du treff ei jente frå Os.

- Eg fekk oppdraget via ei anna jente frå Os, Jeanette Helen Bonhorst, som driv byrået Dream Models, fortel Linn Beate.

Jeanette, som var ei av jentene som dukka opp i TV Norge-dokumentaren Glamourmodellene våren 2009, tok Riley inn i stallen etter fotorunden for Gatebil i mars i år.

I tillegg til kalenderoppdraget kjem eigen fotoserie av Linn Beate i den komande januarutgåva av Gatebil.

- Heller pin-up enn glamour
Linn Beate fortel at ho lenge har hatt lyst til å jobba som modell, om ikkje anna ha det som hobby. Då ho var 16 år meldte ho seg på Frøken Norge, men der var ho ikkje blant dei som gjekk vidare. Seinare har det blitt nokre fotooppdrag, også kalender, men det populære Gatebil-magasinet er største oppdrag til no.

- Eg har fått vore med som modell under ei IT-lansering i Oslo og som vertinne på vårfest på NHH. Så langt har det berre vore spennande og gøy, synes ho.

- Kvifor har du valt denne kategorien av modellyrket?

- Eg er litt gamaldags, glamour synes eg er for avkledd, pin-up passar meg betre, å halda undertøyet på, men likevel vera litt dristig.

Bilfrelst, men utan førarkort
Ein kvit Audi står i bakgrunnen på Linn Beate sitt bilde i kalenderen. Ho synes Gatebil er eit fint magasin å stilla opp for.

- Eg er glad i bilar og BMW er den store favoritten.

- Men eg liker også eldre amerikanske bilar, seier 19-åringen, og legg til at ho sjølv dessverre ikkje har førarkort enno.

Held formen med hund og hest
Etternamnet Riley stammar frå USA. Det har ho stole frå mannen til mora. Linn Beate har vakse opp på Søfteland, men bur no i Lysefjorden med sambuar og to huskyar.

Dei to polarhundane sørgjer for å halda modellen i form.

- Eg er verken opptatt av kosthald eller ivrig å trena, men eg elsker å gå tur med hundane mine, det er min form for trening.

I tillegg er ho glad i hestar og har i mange år vore aktiv i stallen.

- Det var kjekt å flytta til Lysefjorden, så nær ridesenteret. Her har eg kort veg til fint turterreng og godt ridemiljø, seier kalenderjenta som skal halda varmen i mange kalde bilverkstadar i starten av 2011.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.