Javid Afsari Rad Ensemble

Oseana Kammerfest

Javid Afsari Rad Ensemble (tidlegare Rumi Ensemble) er leia av Javid Afsari Rad. Ensemblet er oppkalla etter den persiske diktaren Jalal ad-Din Muhammad Rumi som levde i Iran på 1200-talet, og som i dag har stor betydning for persisk kultur. Rytmikk er eit sentralt element i dikta til Rumi, noko Javid overfører til sin eigen musikk.
Uttrykket til ensemblet rører seg frå rolege til energiske og intense parti. Javid Afsari Rad Ensemble består av nokre av dei fremste musikarane innan persisk og vestleg klassisk musikk.

Javid Afsari Rad - santur
Sara Övinge – fiolin
Harpreet Bansaal - fiolin
Bendik Foss - bratsj
Tove Margrethe Erikstad - cello
Adrian Fiskum Myhr - kontrabass
Reza Samani - tombak, daf
 
Billettar
Forhåndskjøp: 250,-
Konsertdagen: 285,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!

Fredag, august 25, 2017 - 19:00