Lokal | 06. feb. 2017

Jente meldte om overfallsvaldtekt i Os sentrum

Politiet hadde avhøyr av éin mistenkt og sju vitne før det viste seg at jenta gav falsk forklaring.

Jente meldte om overfallsvaldtekt i Os sentrum
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. feb. 2017 08:22

Natt til laurdag fekk politiet melding om ei overfallsvaldtekt i Os sentrum.

Dei fekk forklart at valdtekta hadde skjedd utandørs i Os sentrum i 23-tida fredag kveld.

– Vi sette i gang eit større apparat og brukte mykje ressursar på saka gjennom helga, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Jenta peikte ut ein mistenkt. Politiet gjennomførte avhøyr av mistenkte og sju vitne - i tillegg blei meldar avhøyrd fleire gongar.

Falsk forklaring

Ut frå avhøyra, og totalbildet politiet danna seg av saka, festa dei etterkvart ikkje lit til jenta si forklaring.

Søndag kveld innrømte ho å ha forklart seg falskt.

Jenta er i tenåra, under 18 år, og ikkje frå Os. Mistenkte er heller ikkje frå Os, og kunne bevisa at han ikkje var i Os fredag kveld.

– Eg kan ikkje gå ut med kva som var motivet, men jenta er meldt for falsk forklaring og det er oppretta sak, seier Hadler-Olsen.

• Les òg: Tissa frå Osbrua og sprengde postkasse

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.