Lokal | 28. mai 2016

Jente påkøyrd av rusa utlending

Politiet har i natt stoppa tre førarar som køyrde i rus. Ein av dei, ein utlending, nekta å oppgje nasjonalitet og personalia og sit no fengsla.

Jente påkøyrd av rusa utlending
(Arkivfoto: Kjetil Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. mai 2016 07:18

Rundt klokka 00.40 natt til laurdag blei ei jente påkøyrd i låg fart i Os sentrum.

Jenta blei ikkje skadd, førar er mistenkt for å ha vore rusa.

– Han nekta å oppgje personalia og vi er også usikre på kva nasjonalitet han har, seier politiførstebetjent Christine Grindstein.

Mannen er sett i forvaring.

To unge menn krasja med gravemaskin-hengar

Omtrent samtidig, klokka 00.40, også det nær Os sentrum, var det ein bil som kolliderte med ein gravemaskin-hengar nær Os sentrum.

– Det er uvisst kven av dei som køyrde. Begge blei tatt med til blodprøvetaking og det er mistanke om køyring i rus.

Dei to er i 20-åra.

Tidlegare på kvelden, klokka 23.09, stoppa politiet ein bil i Ulvenvegeb. Førar, ein mann i 40-åra, er mistenkt for køyring i rus. Han samtykka ikkje i førarkortbeslag.

Urinering og trugslar

Politiet har det siste døgnet òg hatt saker som ikkje handla om trafikk og rus.

Klokka 22.50 blei ein 45 år gamal mann tatt for urinering oppetter ein husvegg i Os sentrum.

Rundt midnatt blei ein mann i 50-åra køyrd til arresten, mistenkt for trugslar mot ein annan mann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.