Lokal | 11. okt. 2017

Jobbar intenst med søk etter sakna

Politiet ber om observasjonar tilbake i tid, ber folk sjekka uthus - og ber sakna, om han les dette, å ikkje kvi seg for å melda seg.

Jobbar intenst med søk etter sakna
Lensmann Oddbjørn Dyrdal fortel om intens innsats, men få spor i søk etter sakna. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. okt. 2017 09:47

Måndag ettermiddag gjekk politiet ut med etterlysing av sakna Alexander Holsen (29).

Han var sist sett onsdag 4. oktober. Seinare same ettermiddag kom det inn tips om at nokon som liknar, slik sakna er skildra, var observert dagen etter, torsdag 5. oktober, ved Rema 1000 i Idrettsvegen.

Røde Kors, Norske Redningshunder og hundepatrulje frå politiet søkte etter sakna utover ettermiddag og kveld, men søket blei trappa ned og avslutta før natta.

Områda rundt bustad og rundt stad for antatt siste observasjon blir sett på som ferdig gjennomsøkt.

Tysdag sa politiet at dei trur sakna er i live, og at han er i nærområdet. Dette på bakgrunn av informasjon som har kome inn.

Oppsøker folk og adresser

Onsdag seier politiet at det framleis pågår eit intensivt etterretningsarbeid for å finna sakna.

– Vi snakkar med folk sakna har vore i kontakt med, eller som vi reknar med han kan ha vore i kontakt med. Vi oppsøker også fleire adresser, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Arbeidet pågår både i Os og andre stadar, informasjon om sakna er spreidd i heile distriktet.

– Blir glad om han melder seg

Om sakna for eksempel er på besøk hos nokon, og er sein med å finna ut at han er sakna, skal han ifølgje politiet ikkje kvi seg for å melda seg snarast.

– Han har ikkje gjort noko gale, vi prøver berre å finna han.

– Det er fleire som blir sjeleglade om vi får livsteikn frå sakna.

Vanskeleg sak

Det har gått nesten ei veke sidan førre observasjon av sakna. Politiet har framleis få spor i saka og skildrar søket som vanskeleg.

– Derfor kan all informasjon vera viktig, også observasjonar tilbake ei tid, ei veke eller to før førre observasjon, kanskje endå tidlegare òg. Vi ønskjer kontakt med folk som har vore i kontakt med han for å få kartlagt kven han har hatt kontakt med og kor han har vore. Gjerne så langt tilbake i tid som for ein månad sidan. Vi treng alle konkrete opplysingar som kan gje eit grunnlag for vidare søk.

– Vi ber alle som veit noko eller har sett noko ringa tipstelefonen vår på 480 02 480.

– I mellomtida ber vi folk som har garasje, uthus og naust sjekka desse, både for folk og gjenstandar dei ikkje kjenner igjen. Det er mørkt, kaldt og vått for tida, og det er ikkje utenkjeleg at sakna har søkt ly i ei periode.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.