I januar var Tore Walden på plass i Hebron, den største byen på Vestbredden.

Jobbar som observatør på Vestbredden

I januar reiste Tore Walden i teneste for TIPH, i april var han heime for å halda foredrag under storøving i nord.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Politirådgjevar Tore Walden frå Os bur og jobbar i Trondheim. I fjor fekk han merksemd for mastergradoppgåva si om «risikostyring og sikkerhetsledelse», der PLIVO (Pågående Livstruende Vold) var ein sentral del.

I januar reiste han i teneste for TIPH (Temporary International Presence in Hebron) på Vestbredden.

– Vi er ei frittståande, brei samansett internasjonal gruppe som er her for å observera, monitorera, og rapportera. I det store og heile samlar vi inn informasjon om utviklinga på Vestbredden og brot på internasjonale menneskerettar. Nokre gongar blir det òg noko mekling, fortel Walden.

TIPH har fem politirådgjevarar frå Noreg med status som diplomatar i ansvarsområdet som er utsendt via politidirektoratet og utenriksdepartementet. Dei andre bidragslanda er Italia, Sveits, Sverige og Tyrkia. Mandatet går i hovudsak ut på å følgja opp Oslo-avtalen 2 (frå 1995 mellom PLO og Israel, med dei historiske endringane det har vore opp igjennom tida) og hindra brot på menneskerettane ved å samtidig vera representert i Hebron. Dette skal vera med på å få palestinarane til å kjenna seg trygg. TIPH har base i det palestinske territorium på Vestbredden i Hebron. Les meir på tiph.org.

Dempar valdelege konfliktar og hindrar maktmisbruk

TIPH-personell er nøytrale ovenfor situasjonen og går utan våpen og har ikkje mandat til å gripa inn i konfliktar. Nokre gongar kan det vera konfliktdempande at dei viser seg under for eksempel ein demonstrasjon, andre gongar må dei trekka seg unna.

– Fungerer det?

– Korleis vi operativt og i detaljar utfører jobben har eg ikkje høve til å kommentera, men Hebron er den største byen på Vestbredden, den internasjonale storpolitikken har ein direkte effekt på dette området. Stemninga kan i periodar vera intens, der det stadig dukkar opp små og store konfliktar, når eit land okkuperer enkelte territorie. Vi observerer og rapporterer til begge partar, òg til medlemslandene.

– Kva gir denne jobben deg?

– Det er ei god kjensle å kunna bidra i samfunnet saman med fleire dyktige norske politikollegaer i denne verdsdelen. Eg veit ikkje om tenesta eller det å oppleva hendingar som for enkelte kan framstå som ekstreme, endrar meg som person, men det gjer noko med haldningane du har. Du får ein skikkeleg realitetssjekk og blir meir audmjuk, du set endå meir pris på kvardagen i Noreg når du får sett ting i perspektiv.

– Samtidig føler eg meg heldig som får oppleva ulike religionar og folk på nært hald. Det å møta varme smil frå folk vi jobbar med under vanskelege forhold gjer at du ser at det som blir oppfatta som store problem her heime eigentleg er bagatellar.

Fekk besøk av familien

Ti år etter at han var i Afghanistan søkte Walden seg ut igjen. Med brei bakgrunn innan risikostyring, ulike kulturar, noko arabisk språkkunnskap og erfaring med innsats mot kriminelle utlendingar frå sin jobb i politiet i Noreg, fekk han TIPH-jobben.

Men det betyr òg at han måtte reisa frå kone og to ungar heime i Trondheim.

– Det er det verste, å vera vekke frå familien. Men eg har turnus der eg jobbar fire veker og har omtrent to veker fri. Det er kort veg heim med fly, og det er også kort veg til for eksempel Jerusalem, Tel Aviv og resten av sivilisasjonen på ettermiddag og helg for oss som reiser fritt i området.

Familien, kona og begge borna (i barneskulealder) har dessutan vore på besøk.

– Då fekk dei sjå litt av Israel og læra om Palestina samt litt historie. Eg trur det både kan vera enklare for dei når dei ser kvar eg er og korleis eg har det, og at det er lærdom dei kan ha nytte av på skulen.

Til Bodø for å halda foredrag

For to veker sidan var Tore heime på sin andre friperiode.

Då var han i Bodø for å ta del i eit samfunnssikkerhetsseminar under Norges trulig største fullskala kriseøving. «Øvelse Nord 2017» blei gjennomført på Nord universitet, der 4000 personar blei drilla frå lokalt til nasjonalt nivå opp mot det nasjonale risikobildet.

Forsvarsminister Ine Marie Eriksen, direktør for DSB, Per Brekke, og VG-fotograf Harald Henden var saman med Tore Walden blant foredragshaldarane for dei rundt 290 deltakarane på seminaret. Eriksen blei hindra i å delta då snøvêr stoppa flyet hennar, men Walden kom fram.

– Det har vore ein del merksemd for oppgåva eg skreiv om PLIVO i fjor, og det har kome invitasjonar til å halda foredrag for både kommunar og bedrifter.

– Foredraget mitt i Bodø handla om dagens trugselbilde, som er oppjustert til «sannsynlig» i april og mai, om korleis ta raske avgjerder basert på lite informasjon og korleis brann, helse og politi skal fungera på staden ved ei eventuell hending.

– Hovudbodskapen min er at det er betre å handla, med risiko for å gjera feil, enn å ikkje gjera noko. Det handler om å våga å tenkja sjølv, og at vi må våga å bygga beredskap på sivile. Opp mot dagens trugselbilde kan det stå om få minutt om du reddar liv eller ikkje.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Finvêret held fram

20. juli 2017

I kveld skal det bli 27 gradar. Dei neste seks dagane ser heller ikkje så verst ut.

bilde-midtsiden

Yrande liv

19. juli 2017

Det tok ikkje lang tid før folk strømma ut og til stranda. Del din sommar på Instagram: #mellomfjordarogfjell

bilde-midtsiden

Notabene blir ARK

19. juli 2017

Frå torsdag finn du ikkje lenger Notabene på AMFI Os. Bokhandlarkjeda ARK har nemleg kjøpt butikken på Os, som ein av 24 i landet.

bilde-midtsiden

Innbrot i barnehage

19. juli 2017

Politiet har gode spor etter innbrot i ein privat barnehage natt til onsdag.

bilde-midtsiden

Mykje stygg køyring

19. juli 2017

Politiet melder om mykje stygg køyring tysdag. Mann i 50-åra tatt utan førarkort.