Lokal | 25. aug. 2016

John Øyvind Livden til Os

Du har sett han på TV2, i jungelen med bortskjemte jenter. På næringsrådet sitt frukostmøte skal han «oppdra» bedriftsleiarar i Os.

John Øyvind Livden til Os
Jon Øyvind Livden, kjend frå mellom anna TV2-serien «Ingen kjære mor» kjem til næringslivsfrukosten (foto: TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. aug. 2016 19:09

Etter ein vellykka sommarfest på Lysøen og om bord i MS Midthordland i juni startar Os Næringsråd hausten med frukostmøte i Oseana.

– Vi er oppe i rundt 90 medlemmar og reknar med å passera 100 ganske snart, seier styreleiar Anita Egge.

– Tysdag kjem ordførar Terje Søviknes for å gje oss ei oppdatering i relevante saker. Han plar ofte òg å ha noko nytt å fortelja. I tillegg skal vi få helsa på nytilsett næringssjef Daniel Skotheim, som vil halda eit innlegg om si rolle i Os kommune.

Møtet startar med kaffi, frukosten blir servert etter foredraga. Før mat skal også ein ekstern foredragshaldar på scenen, John Øyvind Livden frå Gullfjell Consulting vil gje næringsaktørane i Os ein liten kickstart på haustsesongen.

Med erfaring frå Sjøforsvaret

John Øyvind Livden har bakgrunn frå Sjøforsvaret, har vore gjesteforelesar på BI og har erfaring som vegleiar og som leiarutviklar.

Du har kanskje òg sett han på TV2, i programmet «Ingen kjære mor», der han har hatt med seg bortskjemte jenter i jungelen for å gje dei litt ryggrad før dei flytta heimefrå.

– Livden er ein spennande type med brei erfaring, og ein foredragshaldar som eg samtidig trur er ny for mange frå Os. Vi gler oss veldig til å høyra foredraget hans, «Å vinne sammen».

Her skal Livden ha fokus på det å både vera tydeleg som leiar, men òg å visa empati og tolmod for at du på best mogleg vis skal jobba som eit team med dine tilsette. Livden er meir opptatt av det menneskelege enn av prosessar, og har foredrag som passar like godt for små som for større firma.

Faste onsdagstreff med næringsrådet

Neste større arrangement for Os Næringsråd blir eit frukostmøte i oktober. Årsmiddag og årsmøte blir, som førre sesong, tidleg på året, altså i starten på 2017.

– Men vi skal ha fleire treff før november. Nytt hos oss er faste onsdagsmøte første onsdagen i kvar månad, fortel Anita Egge.

– Første treff er onsdag 6. september. Treffa er på Bar(t) ved Peppes og er utan påmelding. Det einaste faste er at to medlemsbedrifter per treff skal få ta ein kort presentasjon av seg sjølv for dei andre som møter fram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.