Kultur | 26. mai 2016

Johnsen med singelslepp

I morgon speler han på Madam Felle, til hausten kjem debutalbumet som HM Johnsen har fått raus, økonomisk støtte til å produsera.

Johnsen med singelslepp
Den talentfulle gitaristen og vokalisten HM Johnsen jobbar hardt for å gje ut album. I morgon er ein av få spelejobbar i år. (Foto: Silje Lepsøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mai 2016 11:32

For to veker sidan slapp HM Johnsen den første singelen frå sitt komande album «Chased».

Pågangsmot og stor gjevarvilje i bygda har vore med på å gjera albumdraumen mogleg.

Hans-Marius Johnsen har sidan januar gått frå dør til dør hos ulike bedrifter for å få dei med på spleiselaget det nye albumet har blitt.

– Eg er heilt overvelda over kor mange som har sagt seg villige til å støtta oss, eg hadde sett meg eit mål om 120.000 kroner innan slutten på 2016 og har allereie no blitt sponsa med over 73.000 kroner, fortel Johnsen.

HM Johnsen har med seg fast band som består Kjetil Osablod Grønvigh, Kim Gulbrandsen og Jeroshan Daniel Alexander.

I sovepose i Øystese

Planen om å laga album har han hatt i over to år og no er draumen i ferd med å bli verkeleg.

Les òg: Stipend til Hans-Marius

– Det har tatt heilt av og det er veldig kjekt at det er så mange som har trua på meg.

HM Johnsen blei oppdaga av produsent Alvin Vestrheim frå Øystese på Facebook og han ville ha osingen med på laget.

– Vi har det kjempegøy saman i Øystese, bandet campar i soveposar i studio. Vi kjenner kvarandre godt, etterkvart, og er veldig produktive når vi først er saman.

Deler mastrar med McCartney

Då første singel «Give it all» var klar for å bli mastra så tok Alvin lik så godt turen til Abbey Roads Studios i London.

– Det er heldige slumpetreff. Alvin kjenner ein med kontor i Abbey Roads Studio, så då fekk vi mastra songen der. Også resten av albumet skal mastrast i London.

– Hadde Alvin vore i studio ein dag til så hadde han møtt på sir Paul McCartney. Det er rart å tenka på at eg har same mann som mastrar musikken min som sjølvaste McCartney, seier han og ler.

Vil bli ein av verdas beste gitaristar

Responsen på første låt har vore god, og HM Johnsen har blitt fanga opp av Dr Music Promotion i Tyskland, ein stad han har plan om å reisa når albumet er klart.

– Eg har fått mange bra tilbakemeldingar. Nokre av gitar-fansa mine har kontakta meg og spurt om riffa i songen, det er jo veldig kjekt. Målet mitt er framleis å bli ein av verdas beste gitaristar.

Les òg: Sjå, no syng han òg!

Han ser for seg at albumet, som vil vera i sjangeren blues-rock, er klart i september-oktober.

– Vi har berre éin spelejobb igjen resten av året, resten av tida skal eg fokusera på albumet.

Speler på Madam Felle

Fredag står gjengen på scenen på Madam Felle og Hans-Marius lover eit reint HM Johnsen-show.

– Vi kjem i tillegg til å ha med oss to fantastisk flinke, unge musikarar frå Os, Sevin og Josefine som skal vera med oss på scenen.

Les òg: Sevin på The Stream

– Vil du ha ein smakebete på kva som kjem på albumet så ta turen til by'n i morgon, inviterer Johnsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.