Sport | 15. jan. 2017

Jojo-dag for damelaget

Det blei bokstavleg talt tett med opp- og nedturar for Os til og i Vikersund i går.

Jojo-dag for damelaget
Gårsdagens tropp på plass i Modumhallen tre timar bak skjema - i nye drakter.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. jan. 2017 07:41

Handballdamene til Os er på Austlandet for å spela mot to lag bak seg på tabellen, Vikersund (mellom Hænefoss og Drammen) og Skrim (Kongsberg), som dei i haust slo 27-22 og 39-16 i Oshallen.

Trøbbelet starta allereie på morgonkvisten. Jentene møtte i 8-tida på Flesland, men flyet var over ein time forseinka. Etter ei mellomlanding i Stavanger var det tekniske problem, og jentene måtte fly tilbake til Flesland før dei kunne setja seg på eit nytt fly for å koma over fjellet.

– Kampen blei utsett frå klokka 16 til 18.30. Reisa var ikkje optimal, og det sette nok sitt preg på nokre av spelarane, seier Trond Førde Eriksen.

Trass lang reise og Line og Hilde Kristine, og seinare Emilie, som blei dårlege og måtte av banen, var Os nær siger.

– Det er bittert, eg er nesten litt forbanna for at vi ikkje tok poeng i dag, seier Trond på veg til hotellet etter kamp laurdag kveld.

Vikersund - Os 25 - 23 (16-11)
Os: Line Hjelle Berentsen 6 (1 straffe), Elise Hjelle 9 (5 på straffe), Mia Torp Nielsen 2, Thiet Dang 2, Emilie Halhjem 2, Tonje Hjertnes 2, Hilde Kristine Røttingen, Bente Mjanger, Liv Pauline Lunde, Vibeke Ingebrigtsen og Tiril Grønvigh.

– Vi var gode det første kvarteret og det sto 8-8. Heile andreomgangen blei god, og vi henta oss inn frå 16-11 til 18-18, men så missa vi for mykje og dei gjekk opp i 18-22. Då blei det for tungt å ta dei igjen.

Sesongens beste av Mia

– Vi kunne like gjerne vunne denne med 4-5 mål sånn som sist. Vi saknar naturlegvis Madde (Madeleine Hjertnes, som er gravid og ute resten av sesongen), og truleg var den lange reisedagen var medverkande til at Hilde og Line måtte av banen. Samtidig var vi gode nok til vinna, og det var mykje oppløftande å sjå.

– Vibeke sto stødig i mål og då Emilie måtte av i andre omgang kom Mia (Torp Nielsen) innpå og gjorde sin beste kamp for sesongen. Dessverre var det til ingen nytte, seier Førde Eriksen etter tomålstapet.

Vil ta 2 poeng i dag

Os ligg på 5. plass før dagens kamp mot Skrim. I Oshallen stilte Skrim med ein svært tynn tropp og Os vann med over 20 mål.

– Dei har bygd på stallen sin og denne gong har vi heimekamp. Det blir nok ein heilt annan kamp enn sist, men vi er naturlegvis svoltne på siger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.