Lokal | 01. nov. 2017

Jordvern eller skulebehov?

Hjelle skule: Kva veg tyngst? Omsynet til matjorda eller behovet for ny skule?

Jordvern eller skulebehov?
Fleirtalet gjekk inn for å godkjenna planprogrammet til reguleringsplan for Hjelle skule på denne tomta, kor de no foregår arkeologiske undersøkingar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. nov. 2017 11:02

Det blei ein innhaldsrik diskusjon i kommunestyret tysdag då politikarane skulle godkjenna planprogrammet til reguleringsplanen for Hjelle skule.

– Eg vil skryta av tomtevalet. Det er ei godt eigna tomt kor ein kan få eit fint samspel mellom skule, bumiljø, nærmiljøanlegg og barnehage. Dette er ein fin og framtidsretta måte å tenkje på. Eg kjem til å stemme for innstillinga. Når det gjeld jordvernet, så tek saka det opp i seg. Dette blir ein veldig god skule som vi sårt treng der oppe, innleia Jon Sivert Rykkel (V).

Byggjer ned 30 mål fulldyrka jord

Harald Døsen (Ap) meinte at ein i staden, av omsyn til jordvernet, burde velgja tomta mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

– 3 prosent av Noreg sitt areal er dyrka mark. 97 prosent er anna land. Likevel klarer vi å slippa ei skule ned på dei tre prosenta. I møtet i plan- og bygningsutvalet 24. mai gjekk vi samrøystes inn for oppstart av planarbeidet. Det gjorde vi på sviktande og maglande informasjon. I ettertid har det kome fram at vi hadde eit betre alternativ jamfør LINK sin rapport. Området mellom mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen var ranka høgre. Difor snudde vi.

– Kommunen vil byggja ned 30 mål fulldyrka jord, men visste fylkesmannen om LINK sin rapport då dei sa ja til skule på Hjelle, undra Døsen.

Verd å kjempa for

Døsen fekk støtte frå namnebror Harald Lekven (Sp).

– Det er sagt tidlegare i kveld at vi vil vera best i klassen. Eg vil vera best i klassen på å forvalte dei areala vi har.

– Mitt anliggende er å vera konstruktiv. Det som er gjort er gjort, men eg håper ein kan tenka opp att. Dette er den viktigste saka i mi periode. Tredve mål av den beste matjorda i Os er verd å kjempa for. Eg skulle ønskje vi kunne bli einige om å gå tilbake til dei områda som ikkje kjem i konflikt med matjorda, og då tenkjer eg mest på arealet ved skinfloren.

– Der får vi 70 mål godt eigna areal utan konflikt med trafikk, støy og andre interesser, og eit område kor jordbruksinteressane ikkje er råka. Eg vil òg nemna at vi har ei veternærverksemd som har etablert seg der opp, nettopp fordi at dette er eit landbruksområde.

– Tomt B byggjer ikkje ned matjord

Nils-Anders Nøttseter (MDG) ville freista å vera konstruktiv med pisk og gulrot.

– Stortinget og regjeringa har vedteke å ikkje byggja ned matjord. Eg er usamd med Rykkel. Prosessen har avdekka at vi har ei tomt B som ikkje byggjer ned matjorda. Eg vil difor støtta det alternative framlegget frå Terje Sperrevik (TVS) når det kjem.

– I resonnementet går du for tomt B. Eg har ønskja å vera framtidsretta der eg tenkjer på det skulefaglege og -miljøet. Kvifor meiner Nøttseter at B er betre enn A, med tanke på samarbeid mellom skule, barnehage og nærmiljø, kommenterte Jon Sivert Rykkel.

– Det framgår i rapporten at A og B er like gode på alle punkt med unntak av økonomi. Der skårar matjorda eitt poeng dårlegare fordi det er dyrare å omregulera. Men det som ikkje er gjort ei vurdering på i LINK sin rapport er eigenverdien av matjorda, svarte Nøttseter.

Prosjekt for å taka vare på jorda

Gustav Bahus (Frp), som saman med Terje Sperrevik (TVS) kanskje er av dei som har vore med lengst å diskutere skule aust om elva fortalde at det gjennom historia har vore mange tomtealternativ på bordet, men at, det for dei alle fleste, så var toget gått.

– I 2006 landa vi på to alternativ. Bak skinnfloren og på bakkane på Hjelle. Fylkesmannen sa den gangen at vi måtte ha gode samfunnsmessige grunngjevingar for at dei skulle vurdere det. Det meiner eg vi har hatt.

– Det er ikkje alle i Frp som er samde i valet heller. Difor har vi i PBU bedt om at det blir starta eit eige prosjekt for å ta vare på matjorda som blir gravd opp i Os kommune.

– Kva er Bahus sit argument for å rettferdiggjera å byggja ned 30 mål landbruksjord når det finst like gode alternativ, undra Harald Lekven.

– Bakgrunnen for å starta eit slik prosjekt var nettopp å ta i vare matjorda på denne plassen. Då vi var i planforum tidlegare i dag så prissette fylkesmannen og hans landbruksmynde det. Dei karakteriserar Os kommune som ei bynær presskommune. Vi ønskjer ikkje å koma opp i det uføre som Bergen kommune har kome opp i med at dei ikkje har noko som helst plan for matjorda, svara Bahus.

Kva om ein finn fornminne?

Tryggve Lillestøl (KrF) meinte det meste var sagt i debatten, men hadde likevel eit par spørsmål.

– Det eine er lemhuset på Hjelle som er verna. Det er ikkje lov å byggja bak det, men her vil vi byggja framfor.

– Det andre er dette med at vi har dårleg tid. Vi skulle hatt skulen i går. Men vil det om vi eventuelt lander på matjorda dra ut prosessen enno meir. Det er vel større sjanse for at vi finn fornminne på denne tomta enn på dei andre tomtene.

Kommunalsjef Aina Tjosås svarte at omsynet til lemhuset blir å sjå på i den vidare planprosessen.

– Kva dei finn der oppe veit vi ingenting om. Til no har dei funne kokegrop, men vi veit at heile området frå sjøen til langt inn i Hegglandsdalen er mykje av det same. Usikkerheiten omkring funn av fornminne er like stor på den andre tomta.

– Når det gjalt spørsmålet om kva fylkesmannen viste om LINK sin rapport, så fekk han denne tilsendt 3. januar, kommenterte Tjosås.

Fremja tomt B som alternativ

Terje Sperrevik (TvS) var den frå oposisjonen som formelt fremja det alternative framlegget om å stansa det vidare reguleringsarbeidet på gards- og bruksnummer 62/2 og 62/21 og i staden få opp ei sak om oppstart av ein reguleringsplan for Hjelle skule på tomta mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

– Grunngjevinga for dette er uttale frå Bjørnefjorden Landbrukskontor kor ein kjem til ei anna konklusjon, og som er nærare det fylkesmannen sjølv gjorde ved førre regulering av arealplanen.

– Vern av landbruksareal er eit viktig omsyn som må ivaretakast i den kommunale planlegging. Vern av jordressursane er ei føresetnad for å nå målsetjinga om mattryggleik og auka matproduksjon.

– I tillegg er det mogleg å velje andre tomtealternativ som ikkje kjem i så stor konflikt med nasjonale føringar og driftstilhøve for landbruket i kommunen, argumenterte Sperrevik.

– Ser representanten kva dette kan gjera med tidsaspektet og konsekvensar for framdriften, undra Bahus.

– Det er sjelden eg opplever Bahus snur, men eg er villig til det. Eg tenkjer vi køyrer eit parallelløp og tenkjer dette er betre. Når vi har kome dit vi er, så må vi veta at vi gjer det riktige valet, svara Sperrevik før framlegget blei nedstemt.

Fleirtalet på 20 røyster med Frp, H og V gjekk inn for å godkjenna planprogrammet mot 15 røyster (Ap, Sp, Krf, TvS, MDG).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.