Kultur | 17. aug. 2009

Jubel i naustet!

Oselvaren fekk ikkje berre flest stemmer, den var også den kandidaten som flest personar stemte på.

Jubel i naustet!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. aug. 2009 13:17

Bildeserie:

1 av 2

Medan Åsmund Lien frå Oselvarverkstaden har vore mest opptatt av å få flest mogleg personar til å stemma på oselvaren i kampen om å bli Noregs nasjonalbåt, har Rune Søvik samla inn sponsorkroner og stemt alt han og eit knippe hjelparar har hatt råd til. Og litt til.

- Når reglane var som dei var blei dette ein del av kampen. Men det var utruleg godt å få stadfesta at vi ville vunne også om det berre var lov å stemma éin gong frå kvar telefon. Oselvaren har med god margin fått stemmer frå flest personar, seier Rune Søvik.

• Les òg: Oselvaren vann - så kom tårene (i går, 16. august 2009)

Hos arrangørane av kåringa, Redningsselskapet, opplyser Ernst Larsen at det å berre ta imot éi stemme frå kvar telefon kunne vvore teknisk mogleg.

- Men operatøren kunne ikkje ha hindra folk i å senda fleire stemmer, så då ville det blitt både ein stor jobb i etterkant og ein risiko for at folk mistenkte at ikkje akkurat deira stemme hadde kome med, seier Larsen.

God inntektskjelde?

Oselvaren fekk 115.469 stemmer, åfjordsbåten fekk 97.431 stemmer. Neste båt på lista, nordlandsbåten fekk 2640 stemmer. Til saman har det kome inn 216.000 stemmer.

- Har dette gjeve Redningsselskapet ei god inntekt?

- Vi sette prisen lågt, 3 kroner per melding. Vi skal i hovudsak redda liv og berga verdiar, så vi ville verken gå i minus eller tena noko særleg på dette. Inntekta blei på rundt 60.000 kroner, men då har vi også brukt ein del ressursar på dette, så noko særleg overskot er det nok ikkje.

Kan gje auka inntekt til Oselvarverkstaden

Åsmund Lien er glad for at oselvaren fekk den gjeve tittelen, men trur ikkje Oselvarverkstaden kjem til å tena særleg meir pengar på auka status til båten dei produserer.

- Vi har bygg 60 klar til levering, og har 20 båtar i bestilling. Det er det vi klarar å bygga i løpet av neste år, så etterspurnaden er allereie større enn kapasiteten.

- Har de merka auka respons etter at kåringa starta?

- Det går vanlegvis i rykk og napp, så det er vanskeleg å seia.

Lien trur likevel verkstaden kan auka inntektene sine som resultat av kåringa.

- Vi tener mellom 30.000 og 40.000 i året på å ta imot grupper på omvising. No kan det blir meir av dette, trur han.

Fredag kjem Redningselskapet til Os for å overrekka ein plakett til Noregs nasjonalbåt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.