Hanne Dahle (ståande i midten) og dei tilsette trivst i nye lokaler i Landboden (foto: Andris Hamre)

Jubilerer i nytt lokale

Os Tannteknikk feira 25 år med å flytta frå 3. etasje til gateplan.

Av: Andris Hamre

Os Tannteknikk starta for 25 år siden i 3. etasje i Midtpunkt ved Byvegen før vegen gjekk vidare til Oshjørnet.

– For ti år sidan var det snakk om at Oshjørnet skulle rivast og vi flytta difor vidare til 3. etasje i Sparebanken-bygget. Det var eit litt upraktisk lokal då det ikkje var heis der, noko som var tungt i høve varelevering og ikkje minst med tanke på pasientane som kom innom for fargeprøve når vi skulle laga ei ny tann.

– Det at vi no har kome oss på bakkeplan er heilt fantastisk. Her kan pasientane koma rett inn, og det er lettare å finna oss, seier dagleg leiar Hanne Dahle i dei nye lokala i Landboden, kor Rørleggeriet tidlegare heldt hus.

Slik hadde dei det i dei gamle lokala, då Midtsiden var på vitjing i videoserien "på innsio".

Os Tannteknikk tel i dag seks medarbeidarar.

Meir enn dobla størrelsen

Det er ikkje berre å komma på bakkeplan som har betra seg, også lokala har blitt større.

– Dei gamle lokala våre var rundt 70 kvadratmeter, her har vi 120 kvadratmeter produksjonslokale, pluss omlag 60 kvadratmeter med garderobe, kjøken og lager.

– Det har gitt oss moglegheit til å få inn nokre fleire maskiner og ekstra utstyr, som gjer at vi no kan gjera ting vi ikkje har gjort før.

Fleire oppdrag

Større maskinpark og lokale har også gitt fleire oppdrag.

– Nytt utstyr er ein ting, det gjer at vi no også får fleire oppdrag frå andre tannteknikarar. Vi har også vore flinkare til å marknadsføra oss gjennom messer og liknande. Det at vi har vore meir ute har hjelpt oss i marknaden. Vi er framleis skeptiske i høve konkurransen frå utlandet, men må berre stå på.

Takkar dei tilsette

Flytteprosessen gjekk raskt føre seg.

– 15. november var vi installert i dei nye lokala. Du hugser kanskje korleis det var her før, så det har vore mykje arbeid, men vi har hatt dyktige handtverkarar som har stått på. Og ikkje minst så har dei flinke medarbeidarane mine vore fantastiske og stått på i flyttinga, avsluttar Hanne Dahle.