Jubileumsåret 2012

Folk og firma i Os fyller 25, 50 og 100 år i år: ARKA, Os Turlag og Os og Fusaposten er blant dei som jubilerer.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, januar 1, 2012 - 12:23

Godt nyttår!

Ifølgje den gregorianske kalenderen er vi i 2012, eit skotår, noko som blant anna fører til at julaftan og nyttårsaftan i år ikkje kjem på ein søndag, men hoppar to dagar og landar på ein måndag.

2012 kjem til å innehalda blant anna EM i allround skøyter i Budapest frå 6. januar, første junior vinter-OL i Innsbruck frå 13. januar, fotball-EM i Polen og Ukraina frå 9. juni, sommar-OL i London frå 27. juli.

Men det er også ein del å sjå tilbake på i år:

Det er i år 100 år sidan rebublikken Kina blei anerkjent, sidan New Mexico blei stat nummer 47 i USA og sidan RMS "Titanic" la frå land i Southamptom, kjørte på eit isfjell i Atlanterhavet og sokk. 

I 1912 blei også Norsk Sykepleierforbund stifta, den første norske flyturen (frå Borre til Øra i Fredrikstad) blei gjennomført, partiet Venstre fekk fleirtal åleine med 64 mandat og kunstløpar Sonja Henie (d. 1969) og filosof Arne Næss sr blei fødd (d. 2009).

Stabæk fotball blei stifta i 192, det same gjorde Mandalskameratene.

Det er i år også 100 år sidan Sigrid Undset gav ut "Fattige skjebner" og Knut Hamsun gav oss "Den siste glæde".

Også i Os er det jubileum i år:

ARKA AS blei grunnlagt for 100 år sidan.

Blant yngre jubilantar finn vi 25 år gamle;
• Hans Ask Transport
• Os og Fusaposten
• Os Sentrumsforening
• Os Turlag
• Sveis og Propellservice
• Unik Filtersystem

Fleire 50-åringar

Det er også personar som har jubileum i år. Desse er blant dei som fyller 50 år i 2012:

Roald Bruun-Hansen, Tom Nordli, Børge Ousland, Ole Edvard Antonsen, Magne Furuholmen, Fedon Lindberg, Bjarne Håkon Hanssen, Lars Lillo-Stenberg, Mads Eriksen, Morten Abel, Erik Thorstvedt, Dorthe Skappel og Petter Stordalen.

Blant internasjonale kjendisar som fyller 50 år i år finn vi Axl Rose, Garth Brooks, Tom Cruise, Anthony Kiedis og Demi Moore.

Om det er kjente osingar som fyller 50 år i år?

Ja. Blant anna politikar Terje Sperrevik (TvS) og dagleg leiar i Os Turn, Leif Idar Røen.

Verna i 25 år

I år er det 25 år sidan desse områda i Os blei verneområde:

• Vågsholmen, Gulaskjer, Brattholmen og Grasholmen naturreservat, opprettet 03.04.1987 - 96 daa
• Sandholmane naturreservat, opprettet 03.04.1987 - 164 daa
• Raudholmane naturreservat, opprettet 03.04.1987 - 50 daa
• Kubbholmen naturreservat, opprettet 03.04.1987 - 12 daa
• Perholmen naturreservat, opprettet 03.04.1987 - 16 daa

Dette skjedde også i 1987

Det er i år 25 år sidan:

• Politikar Einar Gerhardsen (fødd 1897) og fotballspelar Roald «Kniksen» Jensen (fødd 1943) døde
• Ingrid Kristiansen blir verdensmester på 10 000 meter, og finner hele fire NM gull på forskjellige etappar
• Alice in Chains ble oppretta
• Nirvana ble opprettet.
• U2 gav ut albumet The Joshua Tree
• Guns N' Roses gav ut Appetite for Destruction
• Aretha Franklin blir første kvinne som tas inn i «Rock and Roll Hall of Fame»
• Oslo Sentralstasjon (Oslo S) opna
• Black Monday: Kursras på verdens børser. Dow Jones Industrial Average falt 22,61 %.
• Verdien av aksjene på Oslo Børs gjekk ned med 19,11% i løpet av éin dag.

Kjelde: Wikipedia

I år er det 10 år sidan dette skjedde i Os:

10 år er ikkje noko jubileum, men her er nokre rundar dagar, hendingar i Os frå 2002:

• Lyngheim blei selt
• Os Hagesenter opna
• Forstrønen Landhandel blei lagt ned
• Os Skyttarlag arrangerte Landsskyttarstemna
• Vedlikehaldsarbeidet på Strønebruo starta. Arbeider pågår framleis ...
• Planlegginga av nytt kommunalt basseng starta. Osbadet opna i 2006
• To osingar (ein i 30-åra og ein i 40-åra) vann kvar sine 2,5 millionar kroner i Lotto

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11