Kultur | 23. apr. 2018

Jubileumsfest på Nore Neset

Skulekorpset fyller 50 år: Det blir tett med aktivitetar i hallen før alle korpsa i Os skal på scenen.

Jubileumsfest på Nore Neset
Nore Neset skulekorps er 50 år. Laurdag blir det aktivitetar, fest og konsertar. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. apr. 2018 08:55

Nore Neset skulekorps feirer 50-årsjubileum i år, laurdag er det tid for fest og konsertar.

– Vi ønskjer å laga ein dag for heile familien, og inviterer små og store til mange gratisaktivitetar, frå hoppeslott, klatrevegg og snekring av fuglekassar til bokloppis, fletting og fleire aspirantkonsertar, seier Eivind Skjønberg, leiar i skulekorpset.

Andre del av feiringa er jubileumskonsert med alle korpsa i Os kommune, der blant m.a. ordføreren i kommunen kaster glans over arrangementet;

– Vi gler oss til jubileumsfeiringa, og håper mange vil bli med å feira den store dagen saman med oss.

Stor dugnadsånd før fest

Korpset har aldri før arrangert noko så stort, og reknar med 400 besøkande på aktivitetsdelen, og minst like mange på jubileumskonserten.

– Kake og kaffi er inkludert i inngangsbilletten til konserten, så dei som kjem vil få oppleva ei skikkeleg bursdagsfeiring. Det er mykje dugnad og lang planlegging som ligg bak arrangementet.

Sjølv har han snekra plate med hol for svampkasting.

– Det er utruleg kjekt å sjå all gleda og pågangsmotet til alle foreldra i korpset, som bidrar med alt frå kakebakst til snekring, seier leiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.