Kultur | 27. nov. 2014

Julestemning og actioneventyr

Karsten og Petra står på plakaten når Bygdekinoen kjem til Oseana søndag. Det gjer også The Hunger Games: Mockingjay Part 1.

Julestemning og actioneventyr
Petra i Karsten og Petras vidunderlige jul (Foto/Copyright: Cinenord & SF Norge). Katniss i The Hunger Games: Mockingjay Part 1 (Foto/Copyright: Lionsgate)
Kari M. Lyssandtorsdag 27. nov. 2014 08:41

Karsten og Petras vidunderlige jul er den tredje filmen basert på Tor Åge Bringsværd sine bøker om dei to bestevenene. Forige film fekk vi bli med dei på vinterferie saman med Petra sin morfar og kjærasten hans Esther.

I den nye filmen om dei to nærmar det seg jul og Petra er veldig spent for Bassa skal ha kvalpar. Ho håper og at nissen skal koma inn på rommet hennar med gåver denne jula, i staden for å levera dei utanfor døra som vanleg.

Dei to bestevenene må og legga ein plan for å få morfar til å ombestemma seg og ikkje reise på hytta til Esther i jula. Dei håper at å lage verdas aller-aller-aller beste julestemning skal få han på andre tanker.

Regi: Arne Lindtner Næss. Skodespelarar: Thorbjørn Harr, Janne Formoe, Nora Amundsen, Elias Søvold-Simonsen, Hilde Louise Asbjørnsen, Ivar Nørve, Sigrun Enge, Hilde Lyran, Markus Tønseth, Anna Celine Bredal, Tone Johnsen, Inger Teien.

Filmen startar klokka 16.00 og er tillatt for alle.

The Hunger Games: Mockingjay part 1

I den tredje filmen i serien The Hunger Games, er Katniss Everdeen (Jennifer Lawrence) tilbake i District 13 etter at ho i førre film, Catching Fire, gav dei årlege leikane det endelege dødsstøtet.

Under president Coins (Julianne Moore) leiarskap og med sine vener som rådgjevarar, utnyttar Katniss si nyvunne makt og innverknad når ho må slåst for å redda både Peeta (Josh Hutcherson) og ein nasjon som er i ferd med å samla seg i beundring over motet hennar.

The Hunger Games: Mockingjay Part 1 er regissert av Francis Lawrence etter manus av Danny Strong og Peter Craig, og er produsert av Nina Jacobsons Color Force saman med produsent Jon Kilik. Romanen som filmen er basert på er den avsluttande i ein trilogi skriven av Suzanne Collins. Boka har selt meir enn 65 millionar eksemplar berre i USA.

Filmen startar klokka 19.00 og blir ikkje anbefalt for born under 11 år.

Dette er årets nest siste kinodag i Oseana. Siste runde, søndag 14. desember, byr på blant anna den tredje filmen om Hobbiten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.