Sport | 23. mai 2009

Juniorane vidare

Os junior elite leia andre NM-runde 2-0, men Øygard utlikna. Det blei ein spennande kamp på den nye kunstgrasbanen på Kuventræ i dag.

Juniorane vidare
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. mai 2009 17:32

Bildeserie:

1 av 6

Etter overbevisande 6-1 over Fyllingen var Os junior elite klar for 2. runde i NM. I dag fekk dei besøk av Øygard på Kuventræ, eit lag Os har hatt problem med før, seinast i haust.

Grasbanen trengte meir kvile etter A-kampen mot Bjarg torsdag, så då blei det spel på den nye kunsgrasbanen. Solsida av nyetribunen er minst like fin som den andre, og mange hadde benka seg for å sjå juniorlaget til Os i elden i finvêret.

Ramo x 2
Os tok raskt leiinga etter to skåringar av Ramo Racic. Først nikka han inn ein corner, så skåra han på eit fint innlegg.

- Mål nummer to var resultat av eit angrep i ti trekk, der Dani braut bak og vi fekk sjå meisterleg spel fram til og med skåringa, seier juniortrenar Øyvind Steffensen.

Fleire sjansar, men 2-1
Os heldt trykket oppe og kom til fleire sjansar og avsluttingar. Ramo hadde skot i tverrligger og to gode rykk inn frå høgresida der han nok kunne både skote eller sendt ballen inn til dei som sto klar.

- Då det nærma seg pause fekk vi litt slurv eit par plassar, og Øygard reduserte på eit godt skot rett i krysset.

Utlikning og 3-2
Os starta andre omgang betre enn dei avslutta første, men så kom ein corner der ballen spratt ut igjen og ein Øygard-spelar skaut i stanga. Returen blei enkel for motstandarane å setja i mål.

- Det blei svært spennande i andre omgang, heldigvis klarte Benjamin Holme å gje oss leiinga tilbake. Kampen enda 3-2 og vi vann fortent, meiner Steffensen.

- Lovande for klubben
Til NM-kampane får juniorlaget bruka også dei som spelar på seniornivå. Juniortrenar dei førre to sesongane, no leiar for sportsleg utval, Einar Nytræ, styrte laget.

- Vi har mykje flott ungdom i denne klubben, og Einar gjorde ein god jobb med å styra laget i dag. Det var tydeleg å sjå kor god jobb som har vore gjort med ungdomen, både under Nytræ og Hellevik og Nielsen på seniornivå, seier Steffensen.

Han seier det var spesielt kjekt å sjå kor godt Dani Bergstø, Kristoffer Sande og Even Bjoarvik spelte. Daniel Vevatne hadde ifølgje juniortrenaren eit bra innhopp.

- Dette er lovande for heile klubben!

Desse spelte frå start (4-4-2): Even Bjoarvik, Mats Lepsøe, Dani A. Bergstø, Erik Kanestrøm, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Benjamin Holme, Martin Eidsvik, Espen Kopperud og Ramo Racic.

Byte: Daniel Vevatne for Holme og Sondre Samdal for Kopperud.

Midtsiden.no var berre på kampen i siste del av førsteomgang. Her er nokre fleire bilde frå kampen:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.