Juniorlaget kjempa om KM-tittelen
Os var best halvparten av toppkampen i junior 1. divisjon.
Bildeserie:
Tysdag kveld spelte Os 1 siste heimekamp for sesongen, mot Osterøy/Fotlandsvåg, i det som blei avgjerande for KM-tittelen i 1. divisjon.
Før nest siste runde, etter at Os spelte 1-1 mot Bjarg i førre runde, såg tabelltoppen sånn ut:
1. Osterøy/Fotlandsvåg 18 poeng
2. Os 17 poeng
3. Bjarg 16 poeng
4. Sotra 12 poeng
Os - Osterøy/Fotlandsvåg enda 0-3 (0-0). Midtsiden fekk med seg den mållause førsteomgangen, og her var heimelaget best både spelemessig og i sjanseproduksjon.
– Gjestane gjorde nokre gode justeringar i pausen og framsto som sterkare i 2. omgang. Dessverre datt vi litt saman då dei skåra det første målet, fortel trenar John Ole Johannessen.
– Dette har vi sett litt av på Os (senior 4. divisjon), men ikkje på junior. Osterøy tok etterkvart ein fortent siger, og sidan Bjarg tapte for Sotra sikra dei seg KM-tittelen på Kuventræ i går.
Os møter Sotra borte i siste runde, Bjarg speler mot Gneist frå midten av tabellen. Med siger blir det 2. plass, mens uavgjort og tap kan føra til 3. eller 4. plass.
– Eg synest uansett det er bra når vi har sju juniorar på A-laget og mange juniorar på Os 2, at vi klarer å enda heilt i toppen også på desse yngre utviklingsarenaene, seier Johannessen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.