Lokal | 23. mai 2016

Justerte intensjonsavtala

Etter at Tysnes trakk seg frå samarbeidet justerte Os og Fusa måndag den framforhandla intensjonsavtala. – Det var spesielt to punkt som blei justert, fortel Paul Manger.

Justerte intensjonsavtala
Paul Manger fekk i oppdrag å korrigera intensjonsavtalen og å synleggjera 0-alternativet noko meir (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 23. mai 2016 12:05

Måndag morgon møttest forhandlingsutvala frå Os og Fusa for å diskutera dei endringane dei måtte gjera i den allereie framforhandla intensjonsavtala etter at Tysnes trakk seg ut frå prosessen i førre veke.

– Det var eit greit og konstruktivt møte i dag, fortel Paul Manger, assisterande rådmann i Os kommune, som òg har vore fasilitator for prosessen.

Tydlegare på kva som blir i Eikelandsosen

Spesielt skal samtalen ha gått på kva som vil vera Eikelandsosen si rolle i ei ny Bjørnafjorden kommune med berre Os og Fusa.

– Ein blei samde om ein litt justert tekst, kor det blir vektlagt at det skal byggast robuste og heilskaplege fagmiljø både i Eikelandsosen og på Osøyro, fortel Manger.

Den justerte teksten lyder:

«Kommunesenteret i Bjørnefjorden kommune vert Osøyro. Kommunale arbeidsplassar skal fordelast mellom dei to kommunehusa og andre kommunale arbeidsstadar. Arbeidsplassar vert fordelt om lag som i dag. Eikelandsosen vert kommunedelsenter i Bjørnefjorden kommune, og skal styrkast ved fordeling av funksjonar. Det skal leggjast vekt på å byggje opp robuste og heilskaplege fagmiljø både i Eikelandsosen og Osøyro».

Gul stripe frå Os til Eikelandsosen

Det andre punktet som blei justert på var innan kommunikasjon og transport.

– Mellom anna er ein samde om at Bjørnafjorden kommune skal ha ein ambisjon om å få rusta opp fylkesveg 552 mellom Eikelandsosen og Osøyro med gul stripe, fortel Manger.

Den eventuelt nye kommunen skal òg jobba for å sjå på strukturen i kollektivtilbodet i Bjørnafjorden kommune då ein meiner at gode kollektivløysingar er sentralt for å få eit godt internt samband i kommunen.

Skal sjå på 0-alternativet

Manger fekk òg i oppdrag å tydeleggjera kva 0-alternativet (at ein ikkje slår seg saman, journ.mrk) vil bety for dei to kommunane.

– Eg sit og reknar på dei tala no i dag og har som ambisjon at den reviderte intensjonsavtalen med oppdaterte tal og konsekvensar vil vera klar i løpet av morgondagen, slik at innbyggarane også får dette alternativet tydelegare for seg når dei skal seie si meining.

Utsatte kommunestyremøte

Som følgje av endringane blei dei to forhandlingsutvala òg einige om å justera framdriftsplanen noko.

– Det blir folkemøte i Fusa 7. juni og på Os 8. juni. Meiningsmålinga som skal bli gjennomført i begge kommunane vil skje 9. og 10. juni. Der skal eit representativt utval som speglar befolkningssamansetninga i kvar av kommunane bli spurt. Det tyder at 500 osingar og 300 fusingar vil få ein telefon med spørsmål rundt ei eventuell kommunesamanslåing.

– Resultatet av denne skal vera klar måndag 13. mai i god tid før kommunestyremøta, som ein har vald å utsetta frå 16. til 22. juni, seier Manger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.