midtsiden

Ka da går i?

Dei var temmeleg laidback i stilen, dei to som testa liggesykkel i Os tysdag kveld.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, juni 9, 2010 - 10:51

Det er ikkje alltid like oppmuntrande å møta syklistar i trafikken, men dei to som tysdag kveld tok seg ein liggande sykkeltur rundt Os fekk nok dei fleste til å trekka på smilebandet.

- Første gong eg såg liggesykkel var i Nederland for nokre år sidan. Eg fekk prøva ein av dei og syntes det var veldig morosamt, fortel Pål Heimtoft.

Blei importør
Då han seinare prøvde å kjøpa seg ein slik fann han ein taiwansk fabrikk på internett.

- Dei spurte om eg ville bli forhandlar og eg takka ja. Førebels har eg ikkje gjort så mykje med det, men eg og to kameratar har kjøpt kvar sin, og dei set sine syklar disponible som demosyklar.

- Kva kostar ein liggesykkel?

- Det er ulike rammer, hjul og styresystem - og ulike prisar. Dei billigaste kostar rundt 8000 kroner.

Rask og komfortabel
Underteikna fekk prøva ein av syklane, og følte i starten at det var behov for støttehjul. Men ved å vera varsam med styret og festa blikket langt fram fekk vi den til i trilla stødig.

- Det er litt tungt å sykla opp bakkar med liggesykkel, men dei er veldig raske og komfortable å sykla på flaten med. Ulvensletta går som ein leik!

- Dei er også godt eigna å reisa åp langtur med, liggestillinga gjer at du både har låg luftmotstand og fin stilling på ryggen. I tillegg slepp du å løfta på hovudet for å sjå framover, hovudet er allereie i rett posisjon, seier importøren.

VIDEO:
Sjekk farten til Pål og Stian gjennom Kolskogen

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11