Lokal | 22. feb. 2013

Kald gigantinnspeling

Hard, men kald, rock i "Lidl-lageret" når KingCalling speler inn sin første musikkvideo.

Kald gigantinnspeling
Produsent Anders Fløysand forklarer band-medlemmane korleis han vil ha det (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 22. feb. 2013 14:08

Bildeserie:

Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
1 av 10
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)
Videoinnspeling KingCalling (foto: AH)

I midten av januar spelte Audrey Horne inn video til «Redemption Blues» på Askvikneset. No er eit nytt band i gang med videoinnspeling i Os.

Denne gongen er det KingCalling. Bandet som Idol-Eirik er vokalist i som får ei av låtene sine festa til film. Bandet sleppte sin første EP i oktober og det er tittelsporet «Shadow Throne» som no blir filma.

- Vi set stor pris på at Varde Film og Media kasta seg rundt og ville laga video for oss, fortel KingCalling-gutane.

Det heftigste vi har gjort

Dagleg leiar i Varde Film og Media, Anders Fløysand, har store forventningar til den ferdige videoen.

- Det er ein av dei heftigaste jobbane vi har gjort.

- Videoen kjem til å bli spektakulær og utruleg kul, lovar filmprodusenten.

Medan du ventar på videoen kan du høyra EP-en på NRK Urørt og Spotify.

Enorme kulissar

Spektakulære er også omgjevnadene videoen blir spelt inn i. Produsentane har nemleg fått låna det gigantiske lageret Lidl bygde i Ådnadalen.

Med over 37.000 ubrukte kvadratmeter unde rtak har KingCalling nok av plass til å boltra seg på.

Sjå kor digert Lidl-lageret er.

Med så god plass er det òg rom for heite effektar, noko det blir når ein fyrer på eit 10-tals fat med isopropanol.

- Vi har sjølvsagt fått lov av både huseigar og brannvesenet til å gjera det, og har folk klare med sløkkeutstyr om noko skulle skje, forsikrar Fløysand.

Trass i varmande kulissar er det ei kald oppleving å spela inn video. Med seks minusgradar og veggar som skjermar for solvarmen kjem det godt med å ha stilongs på, sjølv om du er ein hardrockar.

Ny trommis

KingCalling er eit hardrock-band inspirert av 70- og 80-talet og band som Black Sabbath, Iron Maiden og Led Zeppelin. Då dei spelte inn EP-en var Giuliano Antonio LoMonaco med på trommer, men i februar valde LoMonaco og resten av bandet å skilja lag.

Etter ein kort audition-runde henta bandet inn trommeveteran Kjetil Osablod Grønvigh.

- Eg er utruleg glad for å få spela med desse talentfulle gutane, men det har vore ei bratt læringskurve, fortel Grønvigh, medan han peikar rett opp.

For å få det til å sjå rett ut på videoen har Grønvigh nemleg måtte læra seg måten LoMonaco spelte trommer på.

- Eg kan jo ikkje slå på ein cymbal om han slo på skraptromma, smiler trommisen.

Etter utskiftinga av trommis består no KingCalling av: Eirik Søfteland (vokal), Espen Austestad (gitar), Morten Torkildesen (gitar), Leif Herland (bass) og Kjetil Osablod Grønvigh (trommer).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.