Lokal | 14. okt. 2015

Kald natt, men fine dagar

Vakna du, som oss, til is på frontruta? Trøysta får vera at vêrmeldingane for dei komande dagane er lovande.

Kald natt, men fine dagar
Is på frontruta onsdag morgon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 14. okt. 2015 06:26

Den første frostnatta, i alle fall her i låglandet, kom natt til 14. oktober. Klokka 07.30 var det 0,5 minusgradar i Os sentrum.

Ofte heng nattekulda saman med klårvêr og fine dagar. Ifølgje meteorologane er det akkurat det vi får resten av veka og i helga.

Både Storm og Yr spår på pent.no at vi skal få lettskya opphaldsvêr med rundt ti gradar på dagtid.

Onsdagen blir i tillegg stille og fin vind på 1-2 meter per sekund, torsdagen og fredagen det same.

Fint, men kaldt fotballvêr

Laurdag spelar både Os og Lyseskloster sine siste heimekampar denne sesongen. Har du tenkt deg på Kuventræ eller Edne kan du gle deg. Ikkje berre får du sjå to heimelag som har haustsesongen inne, men du kjem i tillegg til å stå tørt og godt.

Om spelet ikkje varmar nok, kan det vera ein idé å kle litt ekstra på seg. Meteorologane melder nemleg mellom 9 og 11 grader på kamptidspunkta, men praktisk talt stille.

Finvêret held fram til tysdag i neste veke, kor skyane kjem innover. Onsdag kan vi rekna med regn igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.