Sport | 03. juli 2017

Kamerat-pasning blei avgjerande

To 19-åringar frå Nore Neset gav Os leiinga i ein tøff kamp mot Aalesund 2.

Kamerat-pasning blei avgjerande
Thomas Lunde Fosen (nr 15) takkar Knut Spangelo Haga for pasningen som gav Os 1-0-leiing. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. juli 2017 18:30

Bildeserie:

Hjertnes gjennom i 1. omgang. (Foto: KVB)
Hjertnes gjennom i 1. omgang. (Foto: KVB)
Både Villén og Søvik (bildet) med skot over mål i 1. omg. (Foto: KVB)
Både Villén og Søvik (bildet) med skot over mål i 1. omg. (Foto: KVB)
Matchvinnar i hovudduell med dagens beste. (Foto: KVB)
Matchvinnar i hovudduell med dagens beste. (Foto: KVB)
Det kom etterkvart litt publikum i regnet. (Foto: KVB)
Det kom etterkvart litt publikum i regnet. (Foto: KVB)
Nei, Hafsås, denne var ikkje til deg. (Foto: KVB)
Nei, Hafsås, denne var ikkje til deg. (Foto: KVB)
Fosen sette inn 1-0 i 48. minutt. (Foto: KVB)
Fosen sette inn 1-0 i 48. minutt. (Foto: KVB)
Til stor jubel. (Foto: KVB)
Til stor jubel. (Foto: KVB)
To minutt sette Hafsås inn det som blei den avgjerande skåringa. (Foto: KVB)
To minutt sette Hafsås inn det som blei den avgjerande skåringa. (Foto: KVB)
Debutant Alexander Dale (t.v.) sto for assist. (Foto: KVB)
Debutant Alexander Dale (t.v.) sto for assist. (Foto: KVB)
Os leia 2-0 i fire minutt. Her reduserer Aalesund 2. (Foto: KVB)
Os leia 2-0 i fire minutt. Her reduserer Aalesund 2. (Foto: KVB)
Dagens Os-spelar prøvde seg, men ballen blei stusa over foten til Cardoso. (Foto: KVB)
Dagens Os-spelar prøvde seg, men ballen blei stusa over foten til Cardoso. (Foto: KVB)
Øystein Takle Eide kom innpå for Hafsås. (Foto: KVB)
Øystein Takle Eide kom innpå for Hafsås. (Foto: KVB)
Steffen Ljosheim kom innpå for Søvik. (Foto: KVB)
Steffen Ljosheim kom innpå for Søvik. (Foto: KVB)
1 av 13

Os - Aalesund 2 2-1 (0-0)
Målskårarar, Os: Thomas Lunde Fosen og Christoffer Hafsås
Os: Anders Fossen Lunde - Torgeir Lunde, Alexander Dale, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Rafael Villén, Thomas Lunde Fosen, Marius Mikkelsen - Torkel Hjertnes, Enrique Crespo Søvik og Christoffer Hafsås.
Byte: Ole Martin Kolskogen for Mikkelsen, Øystein Takle Eide for Hafsås, Hassan El Fakiri for Dale og Steffen Ljosheim for Søvik.

Etter to uavgjorte på rad blei det full pott i ein vanskeleg kamp for Os i ettermiddag, i det som var vårsesongens siste heimekamp.

– Fotball er merkeleg, vi kan spela fantastiske kampar og tapa, eller slita med å få til spelet vårt og ta tre poeng, seier spelande trenar Hassan El Fakiri etter kampen.

Os fekk berre til spelet sitt i korte periodar av kampen, gjestane sto høgt og jobba hardt. Men Os skapte mange sjansar.

– For å vera heilt ærleg synest eg at vi var det beste laget. Vi sette ikkje sjansane våre, tre dårlege minutt øydelegg for oss, seier Aalesund 2-trenar Erling Ytteland.

Frå Knut til Thomas

Etter ein førsteomgang der Os var best i starten og slutten av omgangen, mens Aalesund 2 hadde flest cornarar og det var farlege frispark begge vegar, starta gjestane best etter pause, med sjanse og corner i opningsminuttet.

Men i 48. minutt fekk Thomas Lunde Fosen mykje rom på høgrekant, samtidig som Knut Spangelo Haga var på løp på venstreback. Thomas ba om å få ballen, Knut sendte over hovudet til ein langstrak Christoffer Hafsås, som ikkje hadde fått med seg avtalen mellom dei to 19-åringane frå Nore Neset.

Fosen sette inn 1-0.

Kort tid etter kom debutant Alexander Dale frå Austevoll på løp, spelte gjennom til Hafsås, som i 50. minutt fekk skåringa han jaga på.

– Det gjekk dessverre litt kort tid før Aalesund reduserte, noko som gjorde at vi stressa litt. Vi jobba for lite for kvarandre i dag, ballførar fekk for få alternativ mens Aalesund 2 var på hugget og sto høgt, seier El Fakiri.

2-1 kom i 54. minutt.

Sterk Cardoso og viktig redning av Lunde

Divaldo Cardoso fekk nok å gjera på, og blei kåra til dagens beste Os-spelar.

– Divaldo er sterk og rask, og er stadig betre på å kommunisera og styra.

Ole Martin Lekven Kolskogen, som kom inn då Mikkelsen blei skadd, har nyleg kome heim frå landslagssamling på Statoils talentleir, og gjorde god figur i midtforsvaret.

– Eg synest òg at det er kjekt å sjå Anders Fossen Lunde si utvikling. Han har no hatt nokre fine, avgjerande redningar i to kampar på rad.

Os hadde nokre sjansar også i sluttminutta, då Øystein Takle Eide, som er tilbake etter beinbrot i foten i vår, var åleine med keeper, og då El Fakiri spelte gjennom til Hjertnes.

– No er vi først og fremst glade for at vi fekk tre poeng på ein litt dårleg dag, og så har vi litt å jobba med fram til bortekampen mot serieleiar Brattvåg på laurdag.

Os ligg no på 8. plass med 18 poeng, 2 poeng bak Sotra på 4. plass på tabellen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.