midtsiden

Kamp om A-sluttspelet

Fem av sju lag frå Os kjempar om A-sluttspel i Norway Cup. Det heile avgjerast i dag.

Av: Andris Hamre Tirsdag, august 2, 2011 - 10:29

Lysekloster sine juniorjenter blei i fjor historiske då dei som første lag frå Lysekloster tok seg til A-sluttspel i Norway Cup.

Årets turnering starta som fjorårets turnering hadde mykje av med siger 4-2 over Ski som ligg på 3. plass i 1. divisjon austpå.

Måndagens kamp mot brasilianske Alunorte Rain Forest blei i tøffaste laget for Lyseklosterjentene.

- Brassane takla nok varmen betre enn det våre jenter gjorde, fortel ei av supportarmødrene på sidelinja.

Kampen enda med 0-2-tap for Lyseklosterjentene.

Spelar dei uavgjort eller vinn tysdagens kamp mot KFUM-Kam gjentek dei fjorårets bragd med å ta seg til A-sluttspelet.

Både Lysekloster og KFUM-Kam tapte for Alunorte Rain Forest og slo Ski, men Lysekloster ligg foran på betre målforskjell.

Lysekloster - juniorguttar

Juniorguttane til Lysekloster har tapt dei to første kampane 0-2 for Kolbotn og 0-8 for Bækkelaget. Tysdag speler dei siste innleiande kamp mot KIL/Hemne 1.

Dei har håp i hengande snøre om plass i A-sluttspelet om dei slår KIL/Hemne og samstundes Bækkelaget slår både KIL/Hemne og Kolbotn, då blir målskilnaden avgjerande.

Os Turn - junior

Møtte laget dei i fjor slo ut i 1/16-delsfinalen Karanba i første kampen. I år viste Søramerikanerane ingen nåde og slo juniorlaget 0-4. Måndagens kamp mot Skeid 2 vann Os med sama målforskjell 4-0 i varmen på Ekeberg.

Åram/VanKam som Osjuniorane møtar i tysdagens kamp slo Skeid 4-1, men tapte 0-10 for Karanba i sine kampar. Med siger mot Åram/VanKam er juniorane sikra plass i A-sluttspelet.

Truleg vil òg eit uavgjort resultat vera nok då Os har 7 måls betre målforskjell en motstanderane før dagens kamp.

Os Turn - gutar

Det toppa gutelaget Os 1 ligg før ettermiddagens kamp mot Askim foran Kolbotn med 2 måls betre målforskjell. Dei to laga spelte 0-0 i første kampen og har båe 4 poeng.

Kolbotn møtar Årdalstangen som Osguttane slo 6-0, medan Askim som er Os sin motstander ligg berre eit poeng bak Os etter at ei slo Årdalstangen 6-1 og tapte 0-4 for Kolbotn.

Os 1 må minst ha uavgjort for å ta seg til A-sluttspelet.

Os 2 har sålangt i turneringa vore suverene i si klasse og leiar pulja med 6 poeng etter 3-2 over Ready og 6-0 over Sunndal 3.

Os 2 er allereie klare for A-sluttspelet før ettermiddagens kamp mot Sander.

Ein siger eller uavgjort vil gjera at vegen, i allefall i teorien, vil vera litt lettare vidare i turneringa.

Det siste gutelaget til Os må slå Brønnøysund 2 for å få meir speletid i turneringa etter 1-2 for Vålerenga 2 og 2-5 for Flekkefjord.

Tysdag spelar Os 3 botnoppgjer i pulja mot Brønnøysund 2.

Ein siger der vil sikra 3. plassen i pulja, noko som igjen sikrar 1/16-delsfinale i B-sluttspelet. Også eit uavgjort resultat held for å gå vidare på grunn av målforskjellen.

KIL/STIL jenter 14

KIL/STIL-jentene vann Etne Cup tidlegare i sommar. I Norway Cup har dei fått ei tøff opning på turneringa.

Dei to første kampane har gjeven 1-6-tap for Ranheim og 0-2 for KFUM-Kam 1.

Skal jentene frå KIL/STIL sikra seg videre spel i Norway Cup må dei slå Sogndal som dei møter tysdag. Med uavgjort eller tap vil jentene vera slått ut av turneringa.

Midtsiden følgjer Norway Cup vidare utover i veka.

Er du på Ekebergsletta eller på ein av dei andre spelestadane. Send oss gjerne bilete frå kampane eller stemninga. E-post: andris@midtsiden.no, mms: 479 06 111.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: