Sport | 02. nov. 2009

Kampen, festen, bilda

Trenarane var pumpa, spelarane var festklare og vinnarane ser lyst på framtida.

Kampen, festen, bilda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. nov. 2009 13:48

Ikkje sidan cupkampen mot Vålerenga i 2004 har det vore så mange tilskodarar på Kuventræ som under opprykksthrilleren mot Austevoll laurdag.

1106 betalande, truleg godt over 1300 med stort og smått og sponsorar, fekk med seg:
• Skåring ved Tim Henrik Sperrevik i 4. minutt
• Sjølvmål minuttet etter
• Utvising i 18. minutt
• Eit heimelag som sleit mot 10 mann på eige gras
• Ein tredjekeeper på Aistevoll med marginane på si side
• Vendepunktet med Torkel Hjertnes si skåring i 85. minutt.
• Raidet og skåringa til Christer Olsen tre minutt på overtid

SJÅ 60 BILDE FRÅ KAMPEN
(Trykk på bildet øverst til venstre for å bla gjennom alle. OBS! Fleire sider, 12 bilde per side)

SLIK FEIRA SPELARANE OG TRENARANE: Nedst kan du sjå ein snutt frå festen i klubbhuset laurdag kveld

Spelarar, trenarar og publikum var utmatta, og hos dei som støttar heimelaget var det knapt eit tørt auge å sjå etter at innbytar Christer Olsen avlyste ekstraomgangane med eit raid frå midtbanen som enda i tunnel på keeper, 3-1 og siger til Os tre minutt på overtid.

- Eg har aldri vore så mentalt sliten etter ein kamp, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Varmt hovud - kald hjerne
1-1 til pause var eit greit resultat for Os, som spelte mot 10 mann frå 18. minutt. Hellevik hadde håpa på 2-1 og ekstraomgangar, men visste samstundes at med mål imot måtte Os vinna 4-1.

- Medan det kokte på banen og på tribunen prøvde eg å halda hovudet kaldt. Kor tid skulle eg ta byta og kor tid skulle eg ta sjansen på å legga om til tre bak for å få meir offensiv styrke? seier Hellevik.

- Eg hadde håpa på å spara eit byte til eventuelle ekstraomgangar, men det gjekk ikkje.

Siger på dårleg dag
Austevoll ytte motstand med ein mann mindre, og Os fekk ikkje utteljing på sjansane dei hadde i 2. omgang. Stig Storebø gav Tim trøbbel på topp, ballsikre midtbanespelarar gjorde det saman med haustmatta vanskeleg for Os å få flyt i spelet. Men heldigvis for Os klarte Einar Algrøy og Per Søgnen Merai seg godt mot Håvard Vassnes og Trond Heggestad i den andre enden av banen.

Å spela med ein mann meir, når du må ha mål, i ein så viktig kamp, kan dessutan gje litt prestasjonsangst.

- Samstundes var motstanden god, Austevoll er eit godt lag, det har vi fått kjenna over to kampar no, seier Hellevik, som er spesielt godt nøgd med eige midtforsvar, Tim som stilte med skadd fot, unge Leikvoll Moberg og kaptein Stian Lunde.

- Delvis øydelagt
Austevoll-trenar Øyvind Pedersen seier både han og laget fekk ein spesielt tøff dag på Kuventræ laurdag.

- Kampen blei delvis øydelagt av at vi fekk keeper utvist. Det var tøft både for Østevold og meg. Vi måtte bruka ekstra med krefter for å halda stillinga, og det klarte vi i 80 minutt, seier Pedersen.

Då Brede Storebø blei skadd måtte han setja inn han som skulle erstatta midtstoppar Stig Storebø. Og då venstrekant og ein av dei beste på Austevoll denne dagen, Håvard Vassnes viste teikn til at han ville bli byta til back, misforsto trenaren, og tok han av banen.

- Spelarane var naturlegvis skuffa etter kampen, men dei kan vera nøgd med 2. plass i avdelinga i fjor og det dei presterte i år. Hadde vi stilt med full stall så skulle Os fått merka meir motstand. Men no vil eg gratulera Os og ønskja dei lykke til i 2. divisjon!

Fest og ferie
Dobbelt opprykk på heimebane i ein thriller av ein kamp skapte fantastiske jubelscenar på Kuventræ laurdag ettermiddag. Spelarar, trenarar, sponsorar og tilskodarar gratulerte kvarandre, og fleire gjekk meir eller mindre direkte i klubbhuset for å feira.

- Takk til alle som stilte opp denne dagen! Mest kjekt synes eg det er det for alle som jobbar for fotballen i Os, på alle nivå! seier Frank Hellevik.

- Eg fekk 50 teksmeldingar med gratulasjonar det første kvarteret etter kampen, frå familie og venar, og frå andre klubbar. Spesielt kjekt var det å sjå så mange frå gamleklubben min, Baune, på tribunen, seier Frank, som starta trenarkarriera si med å få Baune opp frå 6. divisjon til 5. divisjon, og vidare til 3. divisjon.

- Vi kan takka dei unge talenta på laget for denne fantastiske sesongen. Ikkje berre er dei gode på banen, dei stiller på trening med ein energi og arbeidsmoral som får alle oss andre til å løfta oss. Os 2 og Tore Nielsen sitt opprykk til 4. divisjon er ein viktig del av dette doble opprykket, meiner veteran og toppskårar Tim Henrik Sperrevik.

Spelarar og trenarar tar no ferie ut november.

- Så startar oppkjøringa til 2010. Stallen skal styrkast noko, i 2. divisjon blir det ofte fleire kort, fleire i karantene og fleire skadar. Vi har allereie blitt kontakta av mange som vil prøva seg for Os, men vi kjem til å vera nøye med ikkje å ta ut for mange, seier Hellevik, som sjølv reiser to veker på velfortent Syden-ferie torsdag.

KAMPFAKTA: Os - Austevoll: 3-1 (1-1). 4-3 samanlagt og opprykk til Os
OS: Halvard Enes, Anders Glesnes (Mats Lepsøe frå 85), Einar Algrøy, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik (Preben Borgen frå 67), Frode Buvik, Vegard L. Moberg (Christer Olsen frå 71), Tim Sperrevik og Torkel Hjertnes.

AUSTEVOLL: Harald Østervold, Øystein Storebø, Ansgar Kalvenes, Stig Storebø, Tord Harald Skår, Joakim Melingen, Brede Storebø, Inge Andre Rabben, Håvard Vassnes, Kurt Hovland og Trond Heggestad.

DOMMARAR: Kai Erik Steen, Gneist. Jan Ophuus, Flaktveit. Lasse Patrikainen, Askøy.

MÅL: Sperrevik (4), sjølvmål, Os (5), Hjertnes (85), Olsen (93)
GULE KORT: Rabben (26), B. Storebø (42)
RAUDE KORT: Østevold (18) og Glesnes (to gule på overtid, medan han var på benken)
Tilskodarar: 1106 (betalande).

Under kan du sjå snutt frå feiringa av det doble opprykket. Midtsiden.no kjem tilbake med film med høgdepunkta i kampen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.