Lokal | 22. juni 2017

Kan bli kommunal veg

Åsen-Helleskaret: – Om vi endrar frå fylkesveg til kommunalveg kan vi bruka investeringsmidlar, seier rådmannen.

Kan bli kommunal veg
Rådmann Christian F. Fotland orienterte om utviklinga rundt Åsen - Helleskaret i kommunestyret tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 22. juni 2017 08:24

Midtsiden har dei siste dagane skrive fleire saker om fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret som har stoppa opp grunna kostnadsauke.

Les:
Står realisering av Åsen-Helleskaret i fare?
Status: Åsen-Helleskaret

I kommunestyret tysdag stilte Leif Gunnar Heggland (Frp) spørsmål om opsjonen og kva som har gjort at det har blitt så mykje dyrarer.

– Opsjonen var ikkje prissatt. Den baserte seg på ei priskalkyle som Statens Vegvesen sjølv hadde utarbeidd. Det var eit omfattande hefte detaljert i massar, dekkelegging og så vidare.

– Når prisen kom frå Veidekke så viser det seg at overskotsmassane frå E39 ikkje er tilgjengeleg og prisen blir heilt annerleis. Det er krevande for oss som har gjort vedtak både i kommunen og fylkeskommunen. Det som no skjer er at vi må gjera ei revurdering av heile prosjektet, svara rådmann Christian F. Fotland.

Vurderer si eiga rolle

I tillegg til å sjå på alternative løysinger for fartsgrense, kurvatur og liknande, så vurderer også kommunen si eiga rolle oppe i det heile.

– Vi vurderar om vi skal ta den som kommunal veg. Om vi gjer det så kan vi nytta investeringsmidlar.

– Det er også eit forslag å etablera eit forprosjekt for prosjektering av vegen med 60-sone og VA-anlegg i samanheng med sjølve vegen. Men alt tatt i betraktning og det som har skjedd i dialog med fylket og vegvesenet dei siste vekene er mitt forslag at vi venter til rett i etterkant av fylkestinget sitt møte i oktober. Då skal nemleg saka opp der.

– Eg foreslår at vi i vårt kommunestyremøte 31. oktober tar ein grundig gjennomgang av heile prosjektet med ei god saksutgreiing, så ser vi då kva vi gjer, avslutta rådmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.