Sport | 23. apr. 2015

Kan denne gjengen overdøyva Bataljonen?

... dei er i alle fall leia av ei eldsjel med eit brennande hjarte for både Os og Fair Play. Sjå video frå supportar-øvinga!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. apr. 2015 09:01

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det starta for rundt 10 år sidan, då eg og Bjarte Wiberg, som den gong var dagleg leiar i klubben, tok eit tak for å få meir liv på tribunen.

Supportargruppa «Os-ungane» var ingen slager, men då dei skifta namn til «Osingane» fekk dei med seg 70-80 ungar og ungdomar, blant dei Frode Øvredal, som i dag er keeper på Os sitt A-lag, og Fredrik Heggland, som i vinter fekk proffkontrakt med Brann.

– Ifølgje tidlegare spelar og trenar Tim Henrik Sperrevik var bortekampen der vi med 40 ivrige supportarar hjelpte Os til å snu 2-1 til 2-4-siger over Nest-Sotra eit høgdepunkt, seier Tore nøgd.

Sjølv har han tatt seg fri frå jobb i dag. «Du jobbar ikkje på julaftan», forklarer han. No er han på veg til Os for kjøpa hårspray så han kan farga håret sitt gult og svart.

– Det er berre kvart tiande år du kan rekna med å få ein så interessant kamp som dette. Supportargruppa har rulla litt ut i grusen dei siste åra, eg har hatt det litt travelt med andre oppgåver. Men vi vil ha liv i denne gjengen igjen no, både til dagens kamp og seinare seriekampar, seier Kleppe, som har blitt tildelt Fair Play-pris og vore trenar på aldersbestemt nivå sidan tidleg på 2000-talet.

Tette band mellom ungar og A-laget

Tysdag var fleire 9 og 10 år gamle Os-spelarar, gutar og jenter, på Kuventræ for å øva på å heia på Os. Timinga var upåklageleg, mens ungane heia var Bergens Tidende i klubbhuset for å intervjua Hassan El Fakiri om sin nye kvardag. Heiarop frå tribunen, 50 timar før kampstart, gjorde inntrykk på journalisten frå BT.

– Med det opplegget klubben har no, med fotballfritidsordning etter skuletid, akademi på morgonane og avtale med A-lagsspelarar om rolle som gjesteinstruktør på dei unge laga, har det blitt tettare band mellom ungane og topplaget.

– Dette merker eg på spelarane, dei liker å gå på kamp, dei kjenner fleire av spelarane på A-laget og mange har funne sine forbilde.

– Velkomen til søndre tribune!

Alle unge Os-spelarar er velkomne til å sitja saman som gruppe på tribunen når Os i dag tar imot Brann. Også dei som ikkje var på øving tysdag.

– Eg vil prøva å samla alle på tribunen nærmast utstyrsskuret. Eg er på plass frå klokka 17 i dag så ungane får gode plassar og så vi får tid til litt øving og prating før kampen startar.

Tysdag var det ikkje bere songtekstar som skulle drillast, Kleppe hadde ei påminning om Fair Play, gode haldningar, kva vi ikkje skal ropa og korleis vi skal oppføra oss ovanfor Brann og Brann-supportarane.

– Det er som å ha besøk heime, du ber ikkje folk gå. Sjølv om sjansane er små for at Brann vinn så må eg førebu ungane på at dei i så fall må ønskja gjestane frå Bergen lykke til vidare, seier Tore Kleppe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.