Lokal | 25. aug. 2017

Kan ein bli fødd som sosialdemokrat?

Mor mi sa alltid at eit av dei første «vanskelige» orda eg klarte å uttala var: Urettferdig!

Kan ein bli fødd som sosialdemokrat?
Trine Lindborg. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. aug. 2017 12:01

Eg var som dei fleste born opptatt av at ting skulle vere rettferdig, om det gjalt å dela snopet likt mellom fire søstre eller kvikklunsjen på skitur.

Det som eg sjølv likevel hugsar best, var den urettferdigheten eg kjende på då eg såg svoltne born og krig på svart/kvitt-fjernsynet. Eg er heilt sikker på at dette har vore med på å forma haldningane mine.

Likeeins var det viktig for meg med rettferd og likestilling gjennom skuleåra. Eg trur nokre klassekameratar og lærare kan skriva under på det.

Eg trur at born og unge fortsatt er svært opptatt av rettferd og likskap. Ungar bruker ofte ordet «urettferdig»! Det er svært viktig for meg at alle born og unge skal ha dei same sjansane i samfunnet vårt. Dei skal bli sett, og dei skal få hjelp og vegleiing til å klara skule og ungdomstid. Desse fine ungdommane er framtida vår!

Min generasjon blei oppfordra til å ta høgare utdanning. Det var ein «vilja» politikk som alle var samde om. Foreldra våre ville at vi skulle få alle moglegheiter, og landet vårt trong kunnskap. Dette har vi vidareført til våre born, og landet vårt har heldigvis ein høg andel folk med høgare utdanning.

Men - er det ikkje noko vi har missa litt på i vår iver etter mastergrad?

Eg meiner heilt klart det. Vi har mista fokus på meister- og fagutdanning. Vi har kvar og ein ansvar for å heia fram ungdomane våre som ønskjer ei fagutdanning. Det er vi foreldre, besteforeldre, naboar og vener som må støtta og oppmuntra ungdomane som ønsker å gå yrkesfag og ta fagbrev. Vi må gje dei annerkjenning og vera stolte over faga - og vala dei tar!

Vi må stå klare med læreplassar og jobbtrening, og det må finnast fleire vegar til fagbrev. Nokon trivst heilt klart best med meir praktisk opplæring. Norge treng arbeidsfolk!

Dette med skatt kan virka både komplisert og kjedeleg.

Den eine debatten føre og hin etter, med skuldingar og «oppklaringar». Desse er nok ofte kun for spesielt interesserte.

Når eg seier: «Eg betaler min skatt med glede for alt eg får igjen», så vekker det nok forarging og fnysinger frå enkelte. Men eg meiner det, eg betaler min skatt med glede! Eg vil bidra til ein rettferdig fordelingpolitikk som opprettheld velferdsstaten Norge.

Eg vil at dei som tener mindre enn meg skal betala mindre enn meg, og eg meiner at dei som tener meir enn meg kan klara å betala litt meir. Ferdig snakka!

Når Arbeiderpartiet sitt framlegg til skatteendring betyr at dei som tjener under 600.000 kroner i året skal betala litt mindre, og at dei som tener meir skal bidra med nokre hundrelappar ekstra - ja så synest eg det er heilt greit. Eg vil bidra, eg vil dela!

Og så har vi formueskatten, den store snakkisen eller styggedommen i valkampen.

Kor mange av oss forstår dette, og kor mange av oss vil nokon gong bli råka av den? Fribeløpet for formue er 1.480.000 kroner - altså nesten ein og ein halv million. For ektepar er den det dobbelte, altså nesten tre millionar kroner.

Eg unnar folk som har vore både dyktige og heldige å tena penger, men eg meiner også at alle skal bidra etter evne.

Os kommune tok inn rundt 23 millionar kroner i formueskatt i 2015.

Kva for tenestetilbod skal det kuttast i for å dekka inn denne summen? Er det barn og unge, eldre, vedlikehald på kommunale bygg og vegar? Eg lurer litt på det.

Som rimelig fersk politikar, og det er ikkje alltid lett å veta korleis ein skal nå ut med bodskapen og engasjementet sitt. I denne valkampen vil eg likevel påstå at det må vera seld enormt mange liter med svartmaling! H/FRP meiner til dømes at Arbeiderpartiet svartmalar alt som omhandlar arbeidsløyse, fattigdom, skule, helse og klima! Eg er uenig i at dette er svartmaling.

Kosten blir endå ein gong dyppa i spannet, og det blir mala vidare med svart på den situasjonen Norge vil koma i etter at Arbeiderpartiet vinn valget 11. september. Ja, ja, trur ihvertfall Jotun gjer det bra om dagen!

Så, kjære lesar og veljar, kjenn etter i magen:

Kva for samfunn ønsker du for deg og dine, for naboungane og for Norge? Ønskjer du å dela? Ønskjer du fellesskap med rettferdig fordeling av plikter og goder?

Ønskjer du at alle skal med? Dei orda forpliktar nemlig også at alle må bidra.

Så til spørsmålet mitt, vart eg fødd som sosialdemokrat? Ja, eg vart nok det!

Kjenner du det på same måte så stem Arbeiderpartiet saman med meg 11. september !

Trine Lindborg
Kommunestyrerepresentant Os Arbeiderparti og Stortingskandidat 2017

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.