Sport | 22. jan. 2015

Kan få OL-gull

I 2008 fekk Kjersti Tysse Plätzer sølvmedalje under OL i Beijing. Etter ei dopingskandale i Russland er det sjanser for at ho byter ut sølvet med gull.

Kan få OL-gull
7 år etter sølvmedaljen i OL i Beijing er det moglegheitar for at Kjersti får OL-gull. (Arkivfoto).
Kari M. Lyssandtorsdag 22. jan. 2015 12:12

Denne veka kom det fram at 5 russiske profilerte kappgangarar er blitt utestengd for dopingbruk. Saken får tilbakevirkande kraft iallefall til 2009 og gjer då at blant anna nordmannen Trond Nymark får VM-gullet frå 2009.

I 2008 vann osingen Kjersti Tysse Plätzer sølv under OL i Beijing. Gullvinnaren Olga Kaniskina er no ein av dei dopingtatte.

– Om eg får det eller ikkje kjem an på om forbunda mine er villig til å ta tak i det, det er ikkje noko eg kan gjere aleine, fortel Plätzer som ikkje er overraska over avsløringane.

– Det er ikkje overraskande, men det er synd at det kjem så seint, dette er noko vi har visst om lenge.

Russarane er tatt på blodprøvar som er samla inn over tid og så har dei sett at endringane er unormale.

– Eg syns at det er rart at det har tatt så lang tid, dette er noko dei kunne ha avslørt lenge før.

Alle frå same hus

Plätzer fortel om eit heilt system der dei dopingtekne russarane bur i same hus, trenar saman og der 15 av 16 medaljevinnarar i ettertid har blitt tatt for doping.

– Grunnen til at eg går hardt ut er at dei som er tatt er alle frå same hus, og utanom desse så har vi ikkje noko stort dopingproblem innan kappgang.

– Alt var jo tilrettelagt for dei med trenarar og fasilitetar, det hadde ikkje vore nødvendig å måtte dope seg.

Det at utøvarane ikkje blei sletne og hadde ein unaturleg fart er noko av det Plätzer har reagert på under løp.

– Om eg hadde slått ho uansett er umuleg å svare på, men eg slo Kaniskina på 10 kilometeren, medan ho slo meg på 20 kilometeren med 3 minutt uten at ho var sleten.

Bejing 7 år etter

Det er ikkje berre det å ikkje ha fått gullmedalje under OL som er konsekvensen av desse avsløringane. Sponsormidlar, anerkjenning står på spel for aktive idrettsutøvarar og der betyr resultata mykje.

– Det er klart at det har hatt mykje å sei for både sponsormidlar og anerkjenning, men for karrieren har det ikkje det.

– Eg er ferdig med løpet når eg kryssar mållinja og då har det berre vore å fokusera på neste løp, uansett resultat.

Kjersti har slengt ut eit forslag om at om resultata blir omgjort for 2008 så hadde det vore kjekt å få tatt imot medaljen under VM i OL-byen Beijing til sommaren.

– Det hadde jo vore veldig kjekt, då hadde eg i det minste fått medaljen på det same stadionet om enn nokre år for seint, seier ho.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.