Lokal | 25. sep. 2014

– Kan ha vore rusa

Det var ikkje mistanke om promille etter utforkjøringa på Hetleflåten i går. Men politiet har tatt beslag i førarkortet til mannen som sat bak rattet.

– Kan ha vore rusa
Bilen som kjørte utfor på Hetleflåten i går var nær på å hamna i vatnet. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. sep. 2014 07:21

Onsdag i 18.20-tida var ein bil nær på å hamna i vatnet då den kjørte utfor på Hetleflåten.

Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til ulykka. Også BKK måtte ut i felten då bilen kjørte i ein stolpe på veg ned mot vatnet.

Førar skal ha blitt skadd i ei hand og blei tatt med til sjukehus for undersøking.

Mistanke om rus, men ikkje promille

– Vedkomande er mistenkt for uaktsam kjøring. Det er ikkje mistanke om promille, men det er mogleg at han var påverka av andre rusmiddel, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet har tatt beslag i førarkortet. Bilførar er ein mann i midten av 30-åra frå Bergen.

Hund funnen

Ein hund var sakna etter ulykka.

– Det blei funnen ein hund i Os sentrum seinare same kveld. Eg er usikker på om det er same hund, seier Hadler-Olsen.

Ifølgje BA.no blei den sakna hunden funnen 200-300 meter frå ulykkesstaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.