Sport | 14. juni 2017

Kan opna halve nyebanen i haust

– Utan Os vgs hadde vi ikkje ein gong vore i gang med bygginga, seier Os MC & MX klubb.

Kan opna halve nyebanen i haust
Karl Atle «Kalle» Pedersen og Jane Espeland på delar av den nye banen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. juni 2017 07:02

Bildeserie:

Dei ferskaste skissene av banen. Raude felt er hopp.
Dei ferskaste skissene av banen. Raude felt er hopp.
Knattebanen blir startfelt for nyebanen. (Foto: KVB)
Knattebanen blir startfelt for nyebanen. (Foto: KVB)
Frå start går turen opp mot grushaugen til venstre. (Foto: KVB)
Frå start går turen opp mot grushaugen til venstre. (Foto: KVB)
Februar: Os vgs i sving med bygging. (Foto: KVB)
Februar: Os vgs i sving med bygging. (Foto: KVB)
I dag ser det sånn ut på toppen. (Foto: KVB)
I dag ser det sånn ut på toppen. (Foto: KVB)
Halve banen opnar i haust.
Halve banen opnar i haust.
Delar av den gamle banen blir ny knattebane. (Foto: KVB)
Delar av den gamle banen blir ny knattebane. (Foto: KVB)
Medlemstalet er i vekst igjen. (Foto: KVB)
Medlemstalet er i vekst igjen. (Foto: KVB)
Våren 2018 skal heile banen vera ferdig. (Foto: KVB)
Våren 2018 skal heile banen vera ferdig. (Foto: KVB)
1 av 9

Os MC & MX klubb sin nye bane skal vera klar til våren 2018.

– Den gamle banen er 400 meter lang, den nye blir 700 meter, fortel styreleiar Jane Espeland.

Enkelte køyrarar har kommentert, om dagens bane, at dei ikkje blir slitne, dei blir svimmel.

– Korleis er 700 meter samanlikna med dei andre banane de reiser ut og konkurrerer på?

– Den er fremleis kort, dei andre er stort sett 1,4 til 1,8 kilometer lange. Men vi har ein av dei mest publikumsvenlege, då du ser heile banen frå der du står. Vi vil bygga ny tribune så publikum får litt det same ved den nye banen.

– Vi har òg ein av dei beste knattebanane i Noreg, det får vi òg når nyebanen er klar og den gamle skal byggast og tilpassast dei yngste.

Opnar halve banen først

Våren 2014 fekk Os MC og MX klubb gladmeldinga om at kommunen og Forsvarsbygg var blitt einige om ein avtale, våren 2016 kom finansieringa i orden, i form av kommunal garanti, og i april i år hadde banen byrja å ta form.

Klubben hadde mål om å opna delar av banen no til sommaren, i staden blir det i haust.

– Det er ein tidkrevjande prosess, men det blir ein god bane! No er vi innstilte på å jobba mykje dugnad i sommar. Det kjem òg ein banegodkjennar over frå Austlandet for å sjekka at vi er på rett spor.

Uvurderleg hjelp frå firma og elevar

Den kommunale garantien gjorde at klubben kunne planlegga byggestart på det kostbare prosjektet.

– Her har Kalle vore unik, seier Jane om nestleiaren i styret, Karl Atle «Kalle» Pedersen.

– Der eg er utolmodig er han den som roar meg ned. Han er flink til å sørgja for at klubben gjer ting mest mogleg økonomisk. Vi prøver begge å vera flinke med økonomien, men utan at han hadde funne dei løysingane han gjer, så hadde det ikkje gått.

– Banen kjem på 3,8 millionar. Du skal selja nokre kakelodd for å henta inn slike summar, seier Kalle.

Han har sørgja for at klubben får hjelp frå Os vgs, som bygger banen med anleggsfagelevar.

– Utan hjelp frå Os vgs hadde vi framleis gått og venta på byggestart.

Fleire hjelparar

Klubben har òg nyleg fått sine første sponsorar til banen, både i form av pengestøtte, rabattar og god hjelp.

– Ikkje minst av selskapa til Arvid Johan Heggland, Heggland Auto og Johan Transport, som både køyrer sand for oss og låner vekk maskiner, fortel Jane.

Vartun Livsglede, som blant anna har rusta opp Ervikane før årets sommar, har engasjert seg og vil bygga gjerder og leveggar rundt banen.

Det skal blant anna ein levegg ut mot vegen, så ikkje stunta på banen skal uroa trafikantane på vegen.

Medlemstalet aukar igjen

Etter ein periode med generasjonsskifte og litt nedgang er klubben på veg opp i medlemstal igjen.

– Rekrutteringa er god for tida, vi har fleire køyrarar heilt ned i førskulealder, ungar som blir henta i barnehagen for å koma bort her og køyra motorsykkel.

– Vi ser veldig fram til å få ein betre bane både for ungdom, vaksne og dei ungane som snart skal veksa ut av knattebanen.

• Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.