Lokal | 27. nov. 2015

Kan overta elevane frå Nordvik

Bergen kommune vil legga ned Nordvik skule. Elevane kan bli flytta til Lysekloster. – Vi er opne for det, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

Kan overta elevane frå Nordvik
Lysekloster skule kan bli den nye skulen for elevane i Nordvik (foto: AH)
Andris Hamrefredag 27. nov. 2015 11:20

I dag presenterte byrådet framlegget til skulebruksplan for Bergen kor det går fram at ei vil legga ned Nordvik skule og flytta elevane over kommunegrensa til Lysekloster skule.

– Vi har hatt ein dialog med Bergen kommune via administrasjonen på dette. Vi er positive og Lysekloster barneskule har kapasitet til å ta dei elevane som i dag går på Nordvik, seier ordførar Terje Søviknes.

Nordvik skule har i dag 42 elevar, 4 skolestartarar i år. Forventet elevtall ned mot 28 i 2019/20.

To-paralleller

Den nyoppussa skulen i Lysefjorden blei bygd med tanke på ei framtidig utviding. Andre etasjen står i dag uinnreidd.

– Det vil nok måtte bli ein to-paralleller med ein gong, noko som betyr at vi må innreiia andre etasjen.

– No er det viktig å understreka at ingenting er avgjort. Dette er eit framlegg frå byrådet som heilt sikkert skal ut på høyring. Det blir nok mobiliseringar før saka kjem opp i bystyret. No er det jo eit fleirtalsbyråd i Bergen, så vil dei gjennomføra kan dei nok gjera det, analyserar Søviknes.

Blir truleg forhandlingar

– Kva med kostnadane opp i dette bilete, må Bergen betala noko?

– Vi har i dei innleiiande samtalane teke atterhald om at det økonomiske må komma på plass.

– Eg vil tru at det vil skje gjennom forhandlingar med Bergen kommune. Vi må ha full kostnadsdekning for dei elevane som kjem.

– I tillegg vil det vel ikkje vera unaturlig om Bergen er med å tek nokre av kostandane med å setta i stand andre etasjen, men det får bli eindel av forhandlingane, svarar Søviknes.

Nye kommunegrenser?

I januar tok ordføraren til ordet for å sjå på kommunegrensene mellom Os og Bergen. Det blir nok ikkje mindre aktuelt om skulen blir lagt ned.

– Dette er vel ein god grunn til å flytta grensa?

– No er det ikkje det denne saka handlar om, men blir det ein realitet er det ikkje umogleg at det blir aktualisert igjen. Det er jo barneskulen som har holdt igjen tidlegare. Næraste idrettsanlegg til bebuarane i Nordvik og mykje av fritidsaktivitetane går jo allereie føre seg i Lysefjorden, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.