Sport | 27. okt. 2016

Kan sikra KM-tittelen i kveld

Os 1 gutar 16 treng eitt poeng på dei to siste kampane. I kveld kan det bli avgjort på heimebane.

Kan sikra KM-tittelen i kveld
Os gutar 16, her som G15-lag i HamKam Cup i fjor, er serieleiar i 1. divisjon når to kampar står igjen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. okt. 2016 11:32

Os 1 i G16-klassen landa på 2. plass 4 poeng bak Gneist til sommaren.

I haust har dei gjort det endå skarpare, og etter 6-1-siger over botnlaget Austevoll i førre runde treng dei berre eitt poeng på dei to siste rundane for å vera sikra kretsmeistertittelen.

– Førsteomgangen mot Austevoll lukta det svidd av, seier Gjermund Lyssand, ein av trenarane.

Os leia heile 5-1 til pause.

I kveld (kl 20) tar dei imot Fana. Med uavgjort eller betre er KM-tittelen i boks.

– Fana ligg på 5. plass, men dei kan stilla med eit veldig godt lag, så det blir ein spennande kamp, trur Lyssand.

Os leiar med 5 poeng på Fyllinsdalen og ligg 9 poeng framfor Brann.

I siste runde er det bortekamp mot nettopp Fyllingsdalen.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.