Kanestrøm på kongestol etter heftig raid
– Eg og Marius hadde lova Stian Kvåle å skåra, så eg måtte berre gje gass, seier Erik, og trur Os tar sjølvtilliten etter 7-1-sigeren med seg til neste runde.
Bildeserie:
Erik Kanestrøm gjorde ein god kamp då Os laurdag skåra utrulege sju mål på éin omgang laurdag.
Les meir og sjå stor bildeserie frå kampen.
Os låg under 0-1 til pause, men også førsteomgangen var god for tomålskåraren, som både hadde innlegg Marius Mikkelsen og Torgeir Lunde var nær på å skåra på, og frispark som ikkje var langt unna hovudet til Divaldo Cardoso.
– Vi mangla litt trøkk i boksen, men det var voldsomt kor det kom seg etter at Marius utlikna, seier Erik.
Os skåra tre mål på fire minutt. Utlikninga kom i 53. minutt, i 66. minutt sto det 5-1. Då hadde Mikkelsen og Kanestrøm skåra to kvar.
Vannvittig raid
Etter Mikkelsen si utlikning gav Stian Lunde heimelaget leiinga. Etter at Kanestrøm auka til 3-1 la Mikkelsen på til 4-1.
– Både energien etter 1-1 og feiringane på alle måla var ekstra livlege, er det veddemål på gang?
– Vi har ingen interne veddemål, men Stian Kvåle (del av støtteapparatet) var vekke laurdag og både eg og Marius hadde lova å skåra. Då Marius skåra to måtte nesten eg og gjera det, seier Erik, som sette inn 5-1 på spektakulært vis.
Løpet før skåringa, med høgre fot (Kanestrøm er best med venstre), var ikkje berre langt, det var fylt med hinder. Erik var skvist mellom to forsvarar då han skaut tunell på den tredje.
I bildeserien over får du eit visst inntrykk av Erik sitt raid.
– Det er kanskje mitt beste løp. Eg hadde noko liknande frå midtbanen mot Sandnes Ulf 2 for mange år sidan, men då var eg ikkje like pressa.
I jakta på å ta ballen igjen blei han neste sklitakla i bakken.
Keeper, som fekk god tid til å førebu seg på eit komande skot, klarte ikkje å redda.
– God boost for sjølvtilliten
Erik gler seg like mykje over at det var mange målskårarar som at han sjølv lykkast.
– Det var spesielt kjekt at ungdomane Thomas Fosen (sitt første for A-laget) og Steffen Ljosheim skåra.
– Det viktigaste er at heile laget ser at vi kan få det til. Vi har mangla det siste lille i ein del kampar. No håper eg vi tar med oss den gode kjensla frå denne kampen inn i dei neste rundane.
Skadd kaptein blei «nesten frisk»
Kaptein Torkel Hjertnes blei skadd i ankelen då ein motspelar ramla på foten hans i 28. minutt. Hjertnes gav plassen sin til Adrian Valle, som gjorde ein god jobb og blant anna hindra 0-2-forsøk rett før pause.
Torkel seier det var oppløftande å sjå andreomgangen frå tribunen.
– Det kjennest ikkje så gale ut og no blei eg nesten frisk igjen, sa Hjertnes med eit stort smil etter kampen.
Os klatra til 4. plass etter sigeren i går. I neste runde møter dei Gneist (11. plass) på bortebane.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.