Sport | 02. apr. 2016

Kaptein Moberg klar for seriestart mot sambygding

Vegard Leikvoll Moberg har blitt kaptein på Åsane. I morgon startar han serien heime mot Kongsvinger og Mats Cato Moldskred.

Kaptein Moberg klar for seriestart mot sambygding
Vegard Leikvoll Moberg har tatt steget opp frå visekaptein til kaptein i OBOS-klubben Åsane. (Foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. apr. 2016 16:46

Tre osingar er i troppane når Åsane tar imot Kongsvinger til seriestart i OBOS-ligaen søndag (kampstart 17.00).

Gjestane Kongsvinger, som sikra opprykket fire rundar før slutt, med toppskårar Mats Cato Moldskred, Åsane med Simen Helland Lassen og nyvalt kaptein Vegard Leikvoll Moberg.

– Vegard er bankers på laget og ein naturleg kaptein. Gjennom fjorårssesongen viste han ein enorm stabilitet. Han stiller krav til seg sjølv og omgjevnadane, og har ein sterk flamme i seg som får han til heile tida å ta nye steg. Ved sidan av å vera eit treningstalent er Vegard eit mentalt talent. Det er slike spelarar som er dei vanskelegaste å finna, seier Åsane-trenar Kjetil Knutsen til BT.no (abonnement) om valet av den nye kapteinen.

Leikvoll Moberg spelte samtlege minutt i fjorårssesongen, sett vekk frå éin kamp, der han hadde karantene. Han var visekaptein og fekk kapteinsbindet i seriestarten og i éin kamp midt i sesongen.

– Det er store sko å fylla, å overta etter Jahn Ove Wiik, han er ei legende i klubben. Men eg føler meg klar for dei nye oppgåvene som følgjer med kapteinsbindet og ligg i ein posisjon på banen som er gunstig for denne rolla, seier midtbanespelar «Leik» til Midtsiden.

– Viktig å vinna i morgon

Sjølv er han ikkje heilt nøgd med oppkøyringa, verken for laget eller sin eigen del.

– Vi har heldigvis halde på stamma, men det har vore ein del skadar og sjukdom i stallen. Eg har óg vore litt småsjuk, men heldigvis har formen vore stigande for både meg og laget dei siste vekene.

Mot Levanger og Strømmen i treningskampar på La Manga blei det tap, men kapteinen meiner Åsane viste gode takter. Etter heimkomst slå Åsane Stord 3-1 i treninskamp.

– Kampen i morgon blir ekstra viktig. Ikkje berre er det godt å få ein siger i serieopninga, men det ligg litt prestisje i kamp mot andre osingar, innrømmer Vegard.

På La Manga var også osingen og Varegg-keeperen Kjetil Hansen med for å trena.

– Kjetil gjorde det veldig bra. Den einaste plassen han skuffa var i FIFA, han turde ikkje spela mot meg ein gong, ler Leik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.