Kultur | 09. aug. 2011

Kåra til årets båt i Risør

Risør Trebåtfestival deler ut fleire prisar. I år gjekk hovudprisen til oselvaren og eit prakteksemplar bygd av Maik Riebort.

Kåra til årets båt i Risør
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. aug. 2011 07:58

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 4
bilde
bilde
bilde
bilde

Oselvaren har vore representert på den store trebåtfestivalen i Risør fleire gongar, og kvart år dei siste 5 åra har Oselvarverkstaden tatt turen til sørlandsbyen for å stilla ut båten som i 2009 blei kåra til Noregs nasjonalbåt.

– Den siste dagen var det utdeling av prisar. Festivalen deler ut pris i fleire kategoriar, blant anna beste privatrestaurerte båt. Hovudprisen er «årets båt», og den gjekk for første gong til ein oselvar, seier Åsmund Lien, dagleg leiar i Oselvarverkstaden.

– Det var gjevt, denne prisen heng høgt!

Fint eksemplar

Maik Riebort, som jobbar ved oselvaverkstaden, har bygd båten som fekk prisen.

– Prisen gjekk til både oselvaren som båt og til båten vi hadde utstilt. Juryen hadde fokus på måten byggetradisjonane er tatt vare på, men vi hadde aldri vunne prisen om ikkje båten vi hadde utstilt hadde vore eit fint eksemplar, seier Lien.

Her kan du lesa om alle prisane og vinnarane (trebatfestivalen.no)

– Dette er ei stor ære! Eg blei overraska då Åsmund fortalte om prisen, med så mange flotte trebåtar og flinke båtbyggarar var nok konkurransen hard, seier Maik.

Han har bygd rundt 15 oselvarar sidan han var ferdig med læretida si. No jobbar han i 60 prosent stilling ved Oselvarverkstaden og pendlar mellom Berlin (!) og Os i fast turnus.

Kry eigar

Om du drøymer om å eiga «årets båt» er du ikkje åleine, men eksemplaret som vann prisen er naturlegvis bygd på bestilling og var ikkje for sal under festivalen.

– Vanlegvis tar vi båt med til utstilling, men i år hadde vi med ein oselvar som blei bestilt på festivalen for to år sidan. Derfor var det samstundes ei levering.

– Eigaren var sjølvsagt både nøgd med båten og kry for at den hadde vunne pris då han søndag kom frå Arendal til Risør for å henta den.

Spørsmål om bord og årer

Risør Trebåtfestival er ein av fleire festivalar oselvaren plar vera representert på. Lien seier det er få tradisjonsbåtar å sjå på desse festivalane.

– Det er framleis ein del som ikkje kjenner til oselvaren så eg trur det er viktig at vi reiser litt rundt og viser den fram.

– Kva kommentarar får de om båten?

– Av dei som ikkje er vestlendingar er det som oftast årene det handlar om. Dei kan ikkje forstå kvifor vi har trekanta årer i staden for runde.

– Argumentet for runde årer er at du i sterk motvind har fordel av å snu årene flatt mellom åretaka. Fordelen med trekanta årer er at du kan opna handa di og kvila fingrane utan at åra rullar ut av posisjon. For vestlendingar på lange fisketurar var trekanta årer å føretrekka, forklarar Lien.

Andre ting folk spør om er om ikkje borda sprekk lett når dei er så breie. Oselvaren er som kjent berre tre bord høg.

– «Bruker du båten fint og tar godt vare på den så held borda i mange år», svarer eg då. Utanom desse spørsmåla er den mest vanlege kommentaren; «det var ein fin båt!», fortel Åsmund Lien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.