Lokal | 16. mars 2018

Kåra til årets lokallag

Os bondelag årets lokallag i Hordaland. – Eg er stum av beundring, sa Frøydis Haugen frå Noregs Bondelag.

Kåra til årets lokallag
Leiar Olav Botnevik i Os bondelag tok i mot prisen for Årets lokallag i Hordaland (foto: Hordaland Bondelag)
Andris Hamrefredag 16. mars 2018 08:25

Under fylkesårsmøtet i Hordaland Bondelag blei Os bondelag kåra til årets lokallag i Hordaland.

Fylkesleiar Kjetil Mehl delte ut prisen under årsmøtemiddagen på Voss 15. mars. Os bondelag får diplom og 10.000 kroner.

Tittelen går til det det laget som har vist størst engasjement gjennom året. Lokallaget må vere god på omdømmebygging i tillegg til å ha aktivitetar for eigne medlemer.

Årets lokallag i Hordaland går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag.

Framstiller landbruket på ein positiv måte

Styret i Hordaland Bondelag meiner Os Bondelag framstiller landbruket på positiv måte og har gode tilbod for medlemene, heiter det i ei pressemelding frå Hordaland Bondelag.

Laget fylte 150 år i 2017 og hadde ekstra stor aktivitet i samband med jubileet.

Juryen la vekt på at lokallaget har hatt jamn og god aktivitet i mange år. Dei engasjerer seg politisk og er alltid med når det er aksjon og fylkessamlingar. I 2017 heldt dei eit høgt tempo med mykje engasjement og blest i media.

Stum av beundring

I september arrangerte Os bondelag tradisjonen tru «Bondens dag» på Osøyro.

– «Bondens Dag» i september vart det største arrangementet i «manns minne» med særs gode tilbakemeldingar. Mellom anna sa Frøydis Haugen frå Norges Bondelag at ho var «stum av beundring».

I samband med 150-års jubileet arrangerte Os Bondelag ein flott jubileumsfest for medlemer og gjester. Før festen hadde dei eit dyrkingsprosjekt der kortreist kål og poteter frå plantekassar i sentrum skulle brukast til får-i-kål middag på festen.

Dei har også gitt ut ei flott jubileumsbok «All kultur er dyrken».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.