Kultur | 13. des. 2017

Kari Bremnes på Solstråleøyo

Ny artist klar for Tysnesfest og Solstråleøyo.

Kari Bremnes på Solstråleøyo
Kari Bremnes kjem til Tysnesfest 2018 (pressefoto: Stian Andersen)
Andris Hamreonsdag 13. des. 2017 13:56

I 2018 skal Kari Bremnes trø i fotspora til Vamp når ho skal spele på Solstråleøyo under Tysnesfest.

– Bremnes gav oss ein fantastisk konsert i 2013, og det er til dags dato er den konserten me har arrangert i Kjevikjo som har hatt høgast publikumstal.

– Til neste år blir Solstråleøya hennar arena. Me vil ha same opplegg som i 2017 der me har hurtigbåt som går tur/retur, og alt vert lagt til rette for mange magiske stunder, fortel Øystein Vaage, dagleg leiar for Tysnesfest.

Aldri hatt eit større publikum enn no

Kari Bremnes har aldri hatt eit større- og meir variert publikum enn ho har no.

– Ho turnerer både i inn og utland, og berre i haust har ho hatt heile 35 konsertar der 95% av alle tilgjengelege billettar vart seld, påpeiker Vaage som minnar om at konserten på Solstråleøya i fjor blei smekkfull.

I September slapp Bremnes si fyrste plate på meir enn 5 år. Den har allereie selt heile 5000 fysiske cd`ar, noko som i 2017 er ganske fantastiske tal.

Dei andre artistane som er klare for Tysnesfest 2018 er Bigbang, Adam Douglas og Gåte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.